dc.description.abstract | I perioden 19.‐30. juni 2017 gjennomførte Universitetsmuseet i Bergen ei arkeologisk utgraving av Askeladden id. 223776 på gnr. 14, bnr. 7 Aure i Sykkylven kommune. Utgravinga dekka eit mindre areal (om lag 123 m 2 ) inne på tunet til garden, der det skulle oppførast eit reiskapshus. Utgravinga avdekka ei stor mengd arkeologiske strukturar, først og fremst stolpehol, men også kokegroper, groper og grøfter. Det vart også funne fossile dyrkingslag. Ut frå stolpehola er det identifisert restar av bygning(ar) frå førromersk jarnalder. Dateringar frå dei andre stolpehola representerer busetnadsspor frå fleire periodar, men det har ikkje lykkast å skilje ut bygningar på basis av desse. Frå dyrkingslaget er det datert på korn (bygg) som gav overgangen mellom yngre steinalder og eldre bronsealder. | en_US |