Den aksiale tidsalder og ulike typar modernitetar: Den islamske moderniteten, ideologiske «entreprenørar» og terrornettverk
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Sociology [439]
- Registrations from Cristin [10470]
Original version
Norsk sosiologisk tidsskrift. 2024, 8 (4), 1-14. https://doi.org/10.18261/nost.8.4.1Abstract
Denne artikkelen har to hovudtema. Det første er å gje ein introduksjon til Eisenstadts historiske analyse av framvekstane av dei ulike religiøse tradisjonane eller verdsreligionane (jødedom, buddhisme, Konfutses lære, kristendom, islam) innanfor dei aksiale sivilisjonane, korleis dei ulike aksiale sivilisasjonane hadde sine berande elitar, og korleis desse aksiale sivilisasjonane seinare har hatt ein vedvarande verknad gjennom å skriva seg inn i dei kulturelle programma eller kulturelle mønstra til dei ulike typane modernitetar. Det andre hovudtemaet er å gje utkast til ein analyse av den islamske moderniteten som eit døme på ein særskilt type modernitet med innslag av moderne fundamentalisme. Forfattaren bruker innsikter frå Nesser (2018) om den militante jihadismen, der ein radikal elite av «entreprenørar» har vore sentral i å organisera lokale terrornettverk eller terrorceller. Den indre solidariteten i terrornettverka vart skapt gjennom vennskapar og brorskapar. Dette vil seia at dei tette bror-, kone- og svogerfellesskapa var det avgjerande sosiale grunnlaget for den revolusjonære og valdelege jihadismen. This article will have two main themes: The first is to introduce Eisenstadt’s historical analysis of the emergence of the various religious traditions or world religions (Judaism, Buddhism, Confucian teachings, Christianity, Islam) within the axial civilizations, how each of the axial civilization is linked to different carrier elites, and how these axial civilizations later has had a lasting effect through inscribing itself in the cultural programs or cultural patterns of the various types of modernity. The second main theme is to draft an analysis of Islamic modernity as an example of a special type of modernity with elements of modern fundamentalism. The researcher uses insights from Nesser (2018) about militant jihadism, where a radical elite of “entrepreneurs” have been central in organizing local terrorist networks or terrorist cells. The internal solidarity in the terrorist networks were created through friendships and brotherhoods. This means that a main point in this article is to highlight the close brother-wife and sister-in-law community, which were also the decisive social basis for the revolutionary and violent jihadism.