«Kan me få litt hype i chatten?» Utforsking av politisk engasjement på Twitch: Eit brukarsentrert perspektiv
Master thesis

View/ Open
Date
2024-12-02Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [253]
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker Twitch-chat som ein digital arena for politisk kengasjement, med fokus på korleis plattforma legg til rette for deltaking og diskusjon. Frå å vere ei plattform for spelstrøyming, har Twitch utvikla seg til ein sentral samfunnsarena der politiske samtalar finn stad i sanntid.Ved bruk av kvalitative metodar som semistrukturerte intervju og portrettanalyse undersøkjer oppgåva korleis emojiar, sanntidskommunikasjon og parasosiale relasjonar bidreg til å forme Twitch, som opphavleg vart lansert som ei plattform for spelstrøyming, har utvikla seg til å bli ein allsidig arena som rommar mykje meir enn berre speling. Plattforma har i dag innhald som spenner frå musikk og kunst til matlaging, trening, samfunnsdebatt og politiske diskusjonar. Gjennom denne breidda av tema og aktivitetar har Twitch blitt ein sentral samfunnsarena der brukarar kan engasjere seg i alt frå kvardagslege hobbyar til komplekse, sanntids politiske samtalar, og slik skapt eit rom for eit mangfald av interaksjonar og opplevingar.Samstundes adresserer studien utfordringar som plattforma sitt ansvar for å sikre eit inkluderande og trygt diskusjonsmiljø. Twitch-chat er særleg utsett for utfordringar knytt til moderering, der plattforma må balansere brukarane sine forventningar om fridom med behovet for å avgrense negativt ladde diskusjonar.Oppgåva undersøkjer korleis Twitch fungerer som eit alternativ til tradisjonelle media ved å tilby ein meir interaktiv og tilgjengeleg plattform for deltaking. Med sitt fokus på sanntidskommunikasjon og låg terskel for engasjement, speglar plattforma ikkje berre eksisterande samfunnsdebattar, men legg òg til rette for nye former for demokratisk dialog. Studien bidreg til forskinga ved å utforske korleis digitale plattformer som Twitch påverkar politisk medvit, diskusjon og deltaking i ei stadig meir digitalisert offentlegheit. Dette belyser korleis Twitch, som ein hybrid mellom underhaldning og politisk diskusjon, kan skape rom for både fellesskap og motstand i ein digital tidsalder.