Valets kval; viking eller ven? Ein studie av identitet sett gjennom graver med tekstil- og kjøkkenreiskap frå yngre jernalder i Sogn og Fjordane
Abstract
Vikingtidsidentitetar har ofte vore tolka i eit stereotypisk og kategorisk lys, med røter i fascinasjonen og romantiseringa av vikingane på 1800-talet. Denne forståinga har på nokre måtar blitt akseptert i moderne arkeologi, men i den siste tida har den blitt utfordra på sterkare vis. Identitetar blir ofte definerte ut frå gravfunn og deira gjenstandar. Tradisjonelt har visse gjenstandar vore sett på som tilhøyrande anten ein krigar eller ei husfrue, for å seie det enkelt. Denne oppgåva ser nærmare på vikingtidsgraver frå Vestlandet, spesifikt frå det geografiske området Sogn og Fjordane. Dette området omfattar gravfunn som inneheld kan tolkast som tvetydige, i dette tilfellet med tekstilreiskap og kjøkkenreiskap kombinert med våpen. Desse gravfunna utfordrar det tradisjonelle synet på identitetar frå vikingtid. Anders Rabben undersøkte desse gravene tidleg på 2000-talet og konkluderte med at desse mennene var tekstilentreprenørar som deltok i produksjonen av segl då dei vart introduserte på 700-talet e.Kr. Han hevda at desse menna stod utanfor dei strenge kjønnsrollene i vikingsamfunnet og måtte ha tilhøyrd eller identifisert seg innanfor ein skeiv forståing av seksualitet. I denne avhandlinga undersøker eg delar av desse gravferdene på nytt og kastar nytt lys på deira identitet ved å bruke eit teoretisk rammeverk basert på Fowler si idé om personhood – at identitetar er relasjonelle og alltid i endring. Dette er kombinert saman med ideen om at gravferder er samlingar av prosessar – med bakgrunn i assamblage theory. Eg argumenterer for at eins identitet kan endre seg og bli rekonstruert, sjølv etter døden, gjennom ei rekkje ritual frå van Gennep sin tanke om overgangsritual. Desse gravene er sjølve nøkkelen til å forstå samansette identitetar i vikingtida, fordi dei viser at identitetane kan vere komplekse og ikkje-kategoriske. Dei syner også at det er ei endring i måten identitet vert uttrykt kring gravfunna i Sogn og Fjordane, i fire ulike kronologiske fasar. Viking Age identities have often been interpreted in a very stereotypical and categorical way, with roots in the fascination and romanization of the Vikings of the 19th century. This notion has in some ways been accepted in modern archaeology, but in recent times it has been strongly challenged. Identities are often defined based on burials along with their artefacts. Traditionally, certain artefacts are seen as belonging to either a warrior or a housewife, in simple terms. Thus, this thesis interprets Viking Age burials from Western Norway, specifically from the geographical area of Sogn og Fjordane. This area comprises burials that contain artefacts often perceived as stemming from “both genders”, in this case involving textile and cooking equipment in combination with weapons. These burials challenge the traditional view of Viking Age people. A thesis from the early 2000s by Anders Rabben examined these burials and concluded that these men were textile entrepreneurs that took part in the production of sails when they introduced in the 700s AD. He stated that these men were on the outside of the strict gender roles during the Viking society and must have belonged or identified as a third gender, based on a queer understanding of sexuality. In this thesis, I examine part of these burials again and cast new light on their identity by using a theoretical framework based on Fowler’s idea of personhood – that identities are relational and always changing, along with the idea that burials are assemblages. I argue that ones personhood can change and be reconstructed even after death in a series of rituals based on van Gennep`s idea of life events being rites of passage. These burials themselves are key to understanding identities in the Viking Age because they show that they can be complex and non-categorical. It also demonstrates that these is a shift in the way identity are shown in the burials in Sogn og Fjordane, in four different chronological phases.