Effekten av å redusere quick returns på hovudverk og nakkesmerte: Ein randomisert kontrollert studie blant skiftarbeidarar
Abstract
Føremål: Studien har som føremål å sjå på kva effekt ein reduksjon av talet quick returns har på hovudverk og nakkesmerte hjå skiftarbeidarar, og om insomni påverkar denne effekten.
Design: Skiftarbeidarar ved Haukeland Universitetssjukehus har delteke i ein randomisert kontrollert studie og svart på ei spørjeundersøking både ved oppstart og ved oppfølging 6 månader etter. Intervensjonsgruppa skulle redusere talet quick returns i den aktuelle perioden, medan ei kontrollgruppa skulle halda fram som før. Studien har som mål å sjå på kva som skjer med hovudverk og nakkesmerte frå oppstart til oppfølging, og om dette har ein samanheng med insomni blant skiftarbeidarane.
Materiale/Metode: Studien er ein sekundær analyse av spørjeundersøkingane til dei 552 personane som har svara både ved oppstart og oppfølging. Graden av insomni er målt ved hjelp av Bergen Insomni Skala. Graden av hovudverk og nakkesmerte er vurdert ut ifrå svara på dei to fyrste spørsmåla av Subjective Health Complaints Inventory. Effekten av intervensjonen blei analysert i SPSS ved hjelp av generelle lineære analysar. I tillegg har insomni vorte brukt som moderator for å sjå på interaksjonseffekten med intervensjonen.
Resultat: Studien tyder på ein svak reduksjon i nakkesmerte ved ein reduksjon av talet quick returns, sjølv om funna ikkje er statistisk signifikante. Funna syner ein statistisk signifikant assosiasjon mellom hovudverk og insomni. Hovudverk hadde ikkje ein statistisk signifikant reduksjon som resultat av intervensjonen.
Konklusjon: Talet quick returns har innverknad på graden av insomni, og graden av insomni har ein sterk assosiasjon med hovudverk. Funn frå denne studien kan tyde på at ein 6 månaders periode ikkje er lenge nok til å få fram effekten av intervensjonen på muskel- skjelettplager. Ein ser likevel ein tendens til at graden av nakkesmerter går ned saman med talet quick returns blant skiftarbeidarar, men funna er av svak statistisk signifikans.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2025-11-15