El estudiante como puente entre la universidad y las escuelas: Las experiencias de los profesores de ELE en formación de las prácticas profesionales.
Master thesis

View/ Open
Date
2025-02-03Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [225]
Abstract
I det sjuande semesteret deltar studentane på lektorprogrammet i spansk på sin første langpraksis, som varer 28 dagar. I forkant av dette har de deltatt på tre kortpraksisar (Prosjektgruppe for Redesign av Lektorutdanninga på UiB, 2022). Denne første langpraksisperioden er for mange det første omfattande møte med sin framtidige profesjon. I tillegg er det ein av dei første erfaringane deira med planlegging og undervisning av eit heilt tema innafor spansken. Under praksis er studentane i ein mellomposisjon mellom universitetet og praksisskulen, og studentane kan oppfattast som ei bru mellom teorien til universitetet og praksisen som skjer i skulen. Denne mellomposisjonen er enda tydelegare når ein ser at undervisninga til spansklærarane ikkje er så kommunikativ som ein skulle ha ønska (Askland, 2018; Llovet Vilà, 2021). Mens på universitetet lærer studentane om kommunikativ språklæring, noko som både den noverande læreplanen i spansk (LK20) (Utdanningsdirektoratet, 2020) og det europeiske rammeverket for språk (MCER) (Consejo de Europa, 2002) har som grunnprinsipp.Denne oppgåva tar utgangspunkt i denne forskjellen mellom universitet og praksiskule, og legger fram disse to problemstillingane: Korleis opplever lærarstudentar si mellomposisjon mellom universitetet og praksisskulen i praksis? og Kva opplever dei og kvifor har dei desse opplevingane? Dette har blitt undersøkt gjennom ein analyse av semistrukturerte intervju med lektorstudentar i spansk. Teorigrunnlaget for analysen er Cultural Historical Activity Theory framstilt av Engeström (1987) for å identifisere spenningar i systemet der «praksis» er aktiviteten og studentane har posisjonen som subjekt.Studentane opplever forskjellege spenningar i mellomposisjonen mellom universitetet og praksis. Ifølge deira opplevingar, er dette spenningar som har bregrensa ein optimal læringssituasjon i praksis. Spenningen som påverkar praksis mest ser ut til å vere mangelen på et optimalt «tredje rom» (Holmbukt et al., 2023; Lejonberg et al., 2017; Zeichner, 2010). I tillegg så nemner studentane måten rettleiinga blei utført på som ei anna spenning (Ulvik et al., 2018a). Heilt til sist påpeiker studentane at arbeidsmengda er også ein kjelde til spenning. Dette kommer av at praksis er verdt null studiepoeng (Prosjektgruppe for Redesign av Lektorutdanninga på UiB, 2022). Som følgje av dette må studentane ha 30 studiepoeng med fag frå universitetet i tillegg til fulle arbeidsdagar i praksis.