Alternativ Kroppsøving i den vidaregåande skulen. Ein kvalitativ studie av elevane sine erfaringar med motivasjon i kroppsøvingsfaget
Master thesis
View/ Open
Date
2015-05-13Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Education [315]
Abstract
My own experience, statistics and research findings suggest that many pupils struggle with motivation in Physical Education (PE). Alternative PE is a training offer that is created with the purpose of getting more pupils to complete PE. The aim of this study is to develop knowledge of, and insight into motivation factors in PE among pupils in Alternative PE. The study is based on pupils´ subjective experiences, and central to the study is to find answers to what experiences the pupils in Alternative PE have with having three psychological needs satisfied; the needs of relatedness, autonomy and competence (Deci & Ryan, 1985, 1987, 2008; Ryan & Deci, 2000ab, 2002, 2007), as well as discovering more about what experiences pupils have of mastering and the development of Self-efficacy (Bandura, 1994, 1997). The issue of the study is: What experiences do pupils in Alternative PE have with motivation in PE? Public type, previous research and interviews with the PE teachers and leaders have also been sources of knowledge. Theory and research on wellbeing, learning and motivation in a social- cognitive perspective, as well as relational didactics are central both in the theoretical basis and discussions. The study is based on a social science survey in two schools, school A and school B, where pupils are the main informants. The data builds on qualitative interviews with selected pupils and teachers in Alternative PE, and selected leaders at the schools in the study. The selection at each school has been three pupils, one PE teacher and one leader. Compared with ordinary PE, it seems that five out of six pupils in the study have a better experience with the motivation factor relatedness, and that all pupils have better experiences with competence and mastery. The findings of the study might indicate that pupils in Alternative PE at school A have better experiences with autonomy than pupils in Alternative PE at school B. It may also indicate that pupils at school A have a more internal regulated motivation than pupils in school B. The findings of the study also suggest that all pupils have good experiences with competence and the development of Self-efficacy in Alternative PE. The findings indicate that all pupils have experience with this through mastery experiences, observational learning and verbal persuasion. It might indicate that pupils, the teacher and other professionals in PE contribute to observational learning at school A, while the teacher is the best model for learning at school B. Keywords: Motivation, Alternative Physical education, adapted education, self-determination theory, Self-efficacy, relationship, learning climate. Eiga erfaring, statistikk og funn frå forsking tyder på at mange elevar slit med motivasjonen i kroppsøving. Alternativ Kroppsøving er eit opplæringstilbod som er oppretta med det føremålet å få fleire elevar til å fullføra kroppsøvingsfaget. Hensikta med denne studien er å utvikla kunnskap om, og innsikt i ulike motivasjonsfaktorar i kroppsøving blant elevar i Alternativ Kroppsøving. Studien byggjer på elevane sine subjektive erfaringar, og sentralt i studien er å finna svar på kva erfaringar elevar i Alternativ Kroppsøving har med tilfredsstilling av dei tre psykologiske behova; autonomi, tilhøyrsle og kompetanse (Deci & Ryan, 1985,1987,2008; Ryan & Deci, 2000ab,2002,2007), samt finna meir ut om kva erfaringar elevane har med utvikling av meistringsforventning (Bandura, 1994,1997). Studiens problemstilling er: Kva erfaringar har elevar i Alternativ Kroppsøving med motivasjon i kroppsøvingsfaget? Offentlege skriv, tidlegare forsking, samt samtalar med kroppsøvingslærarar og leiarar har også vore sentrale kjelder til kunnskap. Teori og forsking kring trivsel, læring og motivasjon i eit sosialt- kognitivt perspektiv, samt relasjonsdidaktikk er sentralt både i oppgåvas faglege grunnlag og i drøfting. Studien baserer seg på ei samfunnsvitskapleg undersøking på to skular, skule A og skule B, der elevane er hovudinformantar. Datamaterialet byggjer på kvalitative intervju med utvalde elevar og lærarar i Alternativ Kroppsøving, samt utvalde leiarar ved skulane i studien. Utvalet på kvar skule har vore tre elevar, éin kroppsøvingslærar og éin leiar. Samanlikna med ordinær kroppsøving ser det ut til at fem av seks elevar i studien har betre erfaringar med motivasjonsfaktoren tilhøyrsle, og at alle elevane i studien har betre erfaringar med kompetanse og meistring. Funna i studien kan tyda på at elevane i Alternativ Kroppsøving på skule A, har betre erfaringar med motivasjonsfaktoren autonomi enn elevane i Alternativ Kroppsøving på skule B. Det kan også tyda på at elevane på skule A har ein meir indre regulert motivasjon enn elevane på skule B. Funna i studien tyder også på at alle elevane har gode erfaringar med kompetanse og utvikling av meistringsforventning i Alternativ Kroppsøving. Funna viser at alle elevane har erfaringar med dette gjennom opplevd meistring, modellæring og verbal overtyding. Det kan tyda på at både elevar, lærar og andre fagpersonar i kroppsøving bidreg til modellæring på skule A, medan læraren er den beste modellen for læring på skule B.