Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorIdsøe, Thea
dc.date.accessioned2016-06-13T08:29:01Z
dc.date.available2016-06-13T08:29:01Z
dc.date.issued2016-05-16
dc.date.submitted2016-05-16eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12095
dc.description.abstractMasteroppgåve i nordisk språk Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen Mai 2016 Student: Thea Idsøe Rettleiar: Ragnhild Lie Anderson Tittel: Er nynorsk vanskeleg, eller er det berre ein vane? Undertittel: Ei undersøking av språkskiftarar og nynorskbrukarar frå eit kjerneområde, ei randsone og eit språkdelt område i Hordaland. Denne masteroppgåva er ei undersøking av språkskiftesituasjonen ved tre vidaregåande skular i Hordaland fylke. I denne oppgåva søkjer eg å kartleggja språkskiftesituasjonen frå nynorsk til bokmål ved Voss gymnas, Odda vidaregåande skule og Sotra vidaregåande skule. Medan nynorsk verkar vera det dominerande skriftspråket på Voss, missar det brukarar til fordel for bokmål på Sotra. I Odda derimot, lever nynorsk og bokmål fredfullt side om side. Denne masteroppgåva søkjer å karakterisera språkskiftaren og nynorskbrukaren. Eit hovudmål er å få djupare innsikt i kvifor så mange vel å skifta hovudmål frå nynorsk til bokmål, medan andre vel å halda fast på nynorsken. Eg studerer årsaker til hovudmålsskiftet både på eit makro, samfunnsmessig plan og eit mikro, individuelt plan. I oppgåva vert det nytta ein kvantitativ metode i form av eit semistrukturert spørjeskjema med både lukka og opne spørsmål for å svara på problemstillingane. I alt 166 aktuelle informantar har svart på spørjegranskinga. Spørjeskjemaet er i stor grad inspirert av spørjeskjema nytta i tidlegare språkskiftegranskingar i Valdres, Sogn og Fjordane og Indre-Agder. Resultata syner at språkskiftesituasjonen er minimal ved Voss gymnas og Odda vidaregåande skule, medan han er langt større ved Sotra vidaregåande skule der 82 % av dei aktuelle informantane har skifta frå nynorsk til bokmål på eitt eller anna tidspunkt i løpet av skulegangen sin. Vidare syner resultata at språkskiftarane i størst grad argumenterer for språkskiftet sitt ved å peika på at dei meistrar bokmål betre enn nynorsk. Nynorskinformantane på si side, argumenterer for språkvalet sitt ved å peika på at nynorsk har blitt ein vane. Fleire av informantane ved Voss gymnas peikar på lokalsamfunnet som ein viktig faktor for at dei har halde på nynorsken, det er ingen av informantane ved Sotra vidaregåande skule eller Odda vidaregåande skule som gjer det same.en_US
dc.format.extent5342149 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectNynorsk
dc.subjectNorsk språk
dc.subjectHordaland
dc.subjectBokmål
dc.titleEr nynorsk vanskeleg, eller er det berre ein vane?Ei undersøking av språkskiftarar og nynorskbrukarar frå eitkjerneområde, ei randsone og eit språkdelt område i Hordalandeng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel