• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Research centres and projects
  • UNI Research
  • Uni Health
  • View Item
  •   Home
  • Research centres and projects
  • UNI Research
  • Uni Health
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2015

Eikeland, Ole-Johan; Raknes, Guttorm; Hunskår, Steinar
Research report
Published version
Thumbnail
View/Open
PDF (446.9Kb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/12328
Date
2016-06
Metadata
Show full item record
Collections
  • Uni Health [70]
Abstract
Også året 2015 gav ein nedgang i totalraten (329,2 pr. tusen innbyggjarar) i Vakttårnprosjektet, men nedgangen gjaldt berre tre av vakttårna, deriblant Arendal som er eitt av dei to store vakttårna som er med. Kjønns- og aldersfordeling er eit svært så stabilt trekk ved kontaktane med legevaktene, sjølv om siste året viste ein liten auke i aldersgjennomsnittet. Det at det finnest variasjon mellom vakttårna når det gjeld alders- og kjønnsfordeling er også eit stabilt trekk etter ni år med registreringar. Fordelinga over dei sju dagane og fordeling over døgeret er også stabile trekk ved kontakt med legevaktene. Laurdagar og sundagar, og ettermiddag og kveld gir størst aktivitet hos vakttårna. Kontaktmønsteret har endra seg ein del dei siste to åra etter at Legevakta i Tromsø søkjer å få folk til å ringje legevakta og få oppmøtetid i staden for at dei møter opp direkte, som har vore vanleg der. Ei organisasjonsendring hos eitt av vakttårna har såleis ytt bidrag til endring i totaltala for alle sju. Den store nedgangen i kontaktraten frå folk i Solør i 2014 stabiliserte seg på same nivået i 2015, noko som også var skapt av ei organisasjonsendring. Nedgangen tok til då Solør legevakt og alarmsentral vart lagt ned, og innbyggjarane i dei tre solørkommunane fekk lenger veg til legevaktene, i Elverum og Kongsvinger. Responsfordelinga har endra seg i alle åra med registreringar i vakttårna. Endringane gjeld både frå år til år hos dei enkelte vakttårna og vakttårna i mellom. Året 2015 gav ein auke i grøn respons, og såleis færre gule, medan raud respons har vore relativt stabilt i alle ni åra. Registreringane viser ein del endring i tiltaka ved legevaktene. Først og fremst gjeld det ein auke i telefonråd frå sjukepleiar og ein liten nedgang når det gjeld konsultasjon med lege. Vakttårna varierer mykje seg i mellom her. Kontaktårsak (ICPC-2-kode) har med året 2015 vore registrert i to år. Desse to åra viser ikkje store skilje når det gjeld alle vakttårna under eitt, men ein del variasjon når det gjeld dei enkelte vakttårna er å sjå.
Publisher
Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse
Series
Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin; rapport nr. 3-2016

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit