Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHenjum, Bård
dc.date.accessioned2016-09-19T12:37:35Z
dc.date.available2016-09-19T12:37:35Z
dc.date.issued2016-05-15
dc.date.submitted2016-05-15eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/12824
dc.description.abstractI denne masteroppgåva analyserer og diskuterer eg norsk presse som nasjonale mytebyggjarar, med hovudfokus på sportsjournalistikkens nasjonalmytiske rolle. Dette gjer eg gjennom ei kvalitativ tekstanalyse av Verdens Gang (VG) og Aftenposten si framstilling av Martin Ødegaard sin overgang til fotballklubben Real Madrid, mellom 1. desember 2014 og 1. februar 2015. Eg analyserer vidare ut frå eit samla helte- og nasjonalt perspektiv, der særskild nasjonalmytologiske framstillingar og betydingar frå avisene vert avdekka. For å klargjere dette kartlegg eg kva norske og heltemytiske ideal og verdiar som vert avspegla i avisene sin representasjon av Ødegaard. I tillegg ser eg på ulikskapar og likskapar mellom avisene for å få eit betre innblikk i norsk presse, knytt til oppgåvas hovudtema. Rammeverket for analysen er bestemt ut frå tre parameterar, som vidare er valt på bakgrunn av deira tilknyting til det teoretiske aspektet «den nasjonale sportshelten». Oppgåva viser at Aftenposten og VG har latente og medvitande referansar til norske folkeeventyr, der eventyrhelten Espen Askeladd indirekte vert nytta som referansepunkt i beskrivinga av Martin Ødegaard. Gjennom analysen visast det korleis denne framstillinga kan avspegla identifiserbare førestillingar kring norske, naturlege og modne element med Ødegaard. Samstundes kopla eg opp den universelle heltemyten med den narrative strukturen av Ødegaards medieomtale. Oppgåva syner også korleis Aftenposten har ei meir direkte og medvitande beskriving av Ødegaard som eit nasjonalmytisk element, medan VGs omtale av Ødegaard kan i større grad seiast å skapa assosiasjonar og symbolske førestillingar av det nasjonalmytiske. Funna i analysen avdekker korleis VG og Aftenposten indirekte, gjennom referansen til Askeladden, skapar ei forventingsramme kring Ødegaard som ein framtidig nasjonal sportshelt. Oppgåva viser dermed korleis denne ramma kan ha ein nasjonalmytisk løysning.en_US
dc.format.extent1402393 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectNorskeng
dc.subjectpresseeng
dc.subjectmyteeng
dc.subjectbyggingeng
dc.subjectkvalitativ tekstanalyseeng
dc.subjectMartin Ødegaardeng
dc.titleMartin Ødegaard - Nasjonal mytebygging. Verdens Gang og Aftenposten si framstilling av Martin Ødegaard sin overgang til Real Madrid: Ein tekstanalyse.eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116eng
fs.subjectcodeMEVI350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel