Show simple item record

dc.contributor.authorGrove, Knuteng
dc.date.accessioned2006-06-22T08:37:36Z
dc.date.available2006-06-22T08:37:36Z
dc.date.issued2002-12eng
dc.identifier.issn1503-0946
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/1407
dc.description.abstractIn Norway, the discussion of which economic activities that should be private and which public started in the middle of the 19th century, a discussion linked to the breakthrough of a modern economic system in the country. Here I deal with the relation between private and public acitivities from the time they were established as common goods in the Norwegian cities to the beginning of the 20th century. In the first part, the basis for the economic classics and the way their thinking were formulated in the Norwegian context, were the state – and the municipalities – got a more pronounced role in economic life than classic economic thinking seemed to assume. In the second part I look at the economic regulations at the municipal level, concentrating on the largest cities. How did the economic-ideological thinking of public regulations come about in Norrwegian cities between 1850 and 1900?Here the local self-government developed together with a change in attitude to what kind of activities the muncipality should take care of, beginning in the 1870s. This municipalization also expressed the growth of a municipal regulation system stressing the public ownership and management which came to dominate until the end of the 1980s.en_US
dc.description.abstractMidt på 1800-talet kom diskusjonen om kva oppgåver som skal vera private og kva som skal vera det offentlege sitt ansvar i gang i Norge. Eg tek her for meg forholdet mellom private og offentlege oppgåver under oppkomsten frå denne tida og fram mot 1900-talet, med vekt på utviklinga på det kommunale nivået. I første del er det viktig å få fram grunnlaget for klassisk økonomisk tenking og måten denne tenkjinga blei utforma på i Norge. Utgangspunktet låg i brotet med merkantiliismen som politisk og økonomisk system, der liberalismen representerte ein reaksjon der fridom tydde fridom frå staten – så vel økonomisk som for den einskilde borgar. I Norge kom stat – og kommune – likevel til å få ei meir omfattande rolle i det økonomiske livet enn det klassisk økonomisk tenking syntes å føresetta. Eg forsøker her både å få fram kontinuiteten i denne tenkinga frå Smith til Mill og i Norge Schweigaard, og korleis den offentlege reguleringa som har blitt påvist gjennom staten kjem enno tydlegare fram på det kommunale plan i løpet av siste del av 1800-talet. Synet på staten si rolle i den faktiske samfunnsutviklinga på 1800-talet har blitt diskutert mellom norske historikarar, og blir trekt drøftande inn i framstillinga og knytt til forholda på det kommunale nivået. I andre del går eg over til å sjå på synet på regulering av økonomiske verksemd på det kommunale nivået. Korleis slo den økonomisk-ideologiske tenkinga rundt offentleg regulering inn i norske bykommunar mellom 1850 og 1900? Medan det var grensene for statsmakta som var grunnlaget for diskusjonane rundt staten si rolle i økonomien, stod kommunane sin fridom til å ta på seg oppgåver i sentrum i norske bysamfunn sentralt. Utviklinga av det lokale sjølvstyret går saman med ei endring i synet på kva det offentlege og i dette tilfellet kommunen skal ta på seg, som tek til rundt 1870 og som kulminerer i tida rundt første verdskrig. Det er her tale om ei kommunalisering av oppgåver i det norske bysamfunnet der kommunen tek over ei rekkje oppgåver som i utgangspunktet hadde blitt utført av private. Kommunaliseringa uttrykte i denne forstand også framvoksteren av eit kommunalt reguleringssystem grunna på eit syn på private og offentlege oppgåver med vekt på kommunal eigarskap og drift som kom til å bli retningsgjevande fram til 1980-åra.no
dc.format.extent85344 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherStein Rokkan Centre for Social Studieseng
dc.relation.ispartofseries25-2002
dc.relation.ispartofseriesNotatno
dc.titleMellom «non-intervention» og «samfundsvillie». Statleg og kommunal regulering av økonomisk verksemd i Norge på 1800-taletnob
dc.typeWorking papereng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nob


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record