• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Bymål i Sunnfjord. Ei sosiolingvistisk undersøking av språk og identitet i Florø og Førde

Bødal, Anne Marit
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Masteroppgave-bodal.pdf (1.508Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/1628
Date
2003
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies [680]
Abstract
Hovudmålet for hovudfagsavhandlinga mi var å finne ut om det var nokon samanheng mellom lokal identitet, språkhaldningar og språkbruk i dei to byane Florø og Førde, som ligg i Sunnfjordregionen i Sogn og Fjordane. Hypotesen min gjekk ut på at det fanst ein slik samanheng. Eg har brukt teoriar om sosial identitet, lokal og regional identitet, haldningar, språkhaldningar og språkleg regionalisering for å forklare samanhengane mellom dei sosiale og språklege variablane i undersøkinga. Metoden eg har brukt for å samle inn opplysningar om språk og identitet, er hovudsakleg kvalitativ: Eg har brukt halvstrukturerte djupintervju som vart tekne opp på band, og har intervjua 16 informantar til saman. Informantutvalet består av 8 personar frå kvar by: 4 unge og 4 vaksne. Utvalet er likt fordelt på menn og kvinner. Eit kriterium for å bli med i undersøkinga var at ein var oppvaksen innanfor tettstadsområdet i Førde eller Florø. Eg undersøkte 10 språkvariablar (2 fonologiske, 3 morfologiske og 5 leksikalske) som eg ekserperte frå intervjua. Eg valde ut variablar som eg rekna med var så frekvente at eg ville få nok belegg i naturleg samtale. Samlekonklusjonen var at Florø og florødialekten vart oppfatta av florøværingane som spesiell i regionssamanheng, medan haldninga blant førdianarane var at Førde og førdedialekten mangla særpreg. Dette samsvara med at det lokale særpreget i florødialekten vart halde ved like og forsterka, medan førdedialekten var i ferd med å få meir bymålspreg enn han har hatt tradisjonelt.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the author. All rights reserved
The author

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit