Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFauske, Anne Marte
dc.date.accessioned2017-08-16T15:32:31Z
dc.date.available2017-08-16T15:32:31Z
dc.date.issued2017-01-16
dc.date.submitted2017-01-16eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/16322
dc.description.abstractFisk nytta til styrking av populasjonar som veks opp hjå klekkeri, har vist seg å ha høgare dødelegheit enn vill fisk. Hovudårsakane til dette er svolt og predasjon. Med føremål å auke andelen fisk som overlev har ein i tidlegare studiar utført eksperiment og vist at oppvekst i eit rikare miljø kan gjere at fiskane får ei meir samansett åtferd som er betre tilpassa livet i naturen. I og med at å skaffe seg næring er heilt avgjerande for å overleve, er det interessant å studere om oppvekstmiljøet kan ha betyding for fødeåtferda hjå lakseyngel. Er fisk oppvakse i eit rikare miljø flinkare til å takle overgangen frå fôr til levande byttedyr? For å finne ut om oppvekstmiljøet har betyding for fødeåtferda til lakseyngel (Salmo salar) vart yngelen oppfostra anten i standard klekkerikar eller i kar som innehaldt strukturar, over ein periode på 15 veker. Uavhengig av oppvekstmiljø, hadde fiskane berre fått fôr fram til eksperimentstart, så ingen av dei hadde erfaring med levande byttedyr. Ved start vart to fisk frå same oppvekstmiljø plassert i ein testboks, saman med fem raude og fem kvite byttedyr. Metoden testa fødeåtferd ved å registrere antall attverande byttedyr og tid brukt på ulike åtferder i ni ulike tidsintervall over ein periode på seks timar. Resultata visar at fisk som har vakse opp i eit rikare oppvekstmiljø, er motvillige i starten, men flinkare til å ta byttedyr når dei først set i gong. Fisk frå umøblert oppvekstmiljø byrjar å ta byttedyr tidlegare, men har ei lågare stigning i antall byttedyr dei konsumerar. Eksperimentet viste òg trendar til at fleire testpar frå oppvekstmiljø med strukturar tek byttedyr enn testpar frå tomt oppvekstmiljø. Dette gjaldt også for konsum av raude byttedyr. Konsum av kvite byttedyr var ikkje avhengig av oppvekstmiljø. Gjennomsnittstida fiskane brukte på å symje i starten var høgare hjå fisk frå rikare oppvekstmiljø enn hjå fisk frå standard klekkerikar, men fisk frå standard klekkerikar hadde ei brattare stigning i kor mykje tid dei brukte på symjing. Resultata tydar på at eit rikare oppvekstmiljø gjer fisk oppvaksne på klekkeri betre til å takle overgangen frå fôr til levande byttedyr. Dersom slik fisk vert sett ut i naturen, kan dette vere positivt for overleving, og dermed for effekt av utsetjing.en_US
dc.format.extent3156295 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectAtlanterhavslaksnob
dc.subjectFiskeyngelnob
dc.subjectLevende fødenob
dc.subjectNæringssøknob
dc.subjectPredasjonnob
dc.subjectFiskeforvaltningnob
dc.titleBetydinga av oppvekstmiljø for fødeåtferd hjå lakseyngelen_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Biologien_US
dc.description.localcodeMAMN-BIO
dc.description.localcodeBIO399K
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c012698
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c013700
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c000017
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c007545
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c013926
dc.subject.realfagstermerhttps://data.ub.uio.no/realfagstermer/c005211
dc.subject.nus751999eng
fs.subjectcodeBIO399K


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel