"Simbir botbot badan madax daj ayay kuistakta" ("Ein fugl som flyg omkring åleine vil til slutt lande med hovudet først", somalisk ordtak) Ein diskursiv analyse av relasjonar mellom somaliske familiar og lokalbefolkninga i ein vestnorsk bygdeby.
Abstract
Denne studien handlar om korleis eit nasjonalt og overnasjonalt stigma om somaliarane, får sitt uttrykk innan lokale sosiale prosessar i eit vestnorsk bygdebymiljø. Det dreier seg difor ikkje først og fremst om somaliske flyktningar, men om relasjonar innan og mellom somaliske familiar, og etniske nordmenn. Gjennom å fokusere på delar av det somaliske eksilmiljøet i denne bygdebyen; avgrensa til familiane som hadde busett seg der, vert foreldrerolla og synspunkt på kva som var til det beste for borna, trekt fram som forhandlingsgrunnlag og kompromiss i skjeringsfeltet mellom ulike diskursive praksisar. Den overordna problemstillinga har vore å gjere greie for faktorar som er avgjerande for at hegemoniske prosessar som kan føre til negativ stereotypiproduksjon, vert modifisert og avgrensa, og dermed får mindre gjennomslagskraft i daglegdagse situasjonar lokalt. I kapittel 2 og 3 viser eg gjennom ein presentasjon av ulike diskursar, på ulike sosiokulturelle nivå, ”om somaliarane” og ”om nordmenn” og ”det norske”, korleis forteljingane om kvarandre vert påverka av idear om sosial nærleik versus avstand, og kva meining lokale symbol og teikn på forskjellar og likskapar fekk for produksjonen av stereotypiar om dei/den andre. I kapittel 4 og 5, vert interaksjonen mellom dei somaliske informantane og majoritetsbefolkninga fokusert. Her er det lagt vekt på å få fram dynamikken som var representert ved dei lokale variasjonane Sentrum og Dalen, og dei implikasjonane ”framandleik” som sosial prosess i bygdebyen fekk for partane i den interetniske relasjonen. Denne delen av oppgåva vil i særleg grad fokusere på dilemma som dei somaliske foreldra stod overfor i eksil, og som m.a. kom til uttrykk gjennom ulike måtar å forvalte og vedlikehalde etnisk tilknyting på. Til slutt: Studien representerer ingen totalkarakteristikk av kvardagslivet for dei somaliske familiane, det er heller ikkje ei analyse av sjølve lokalsamfunnet. Målsettinga er meir å presentere nokre problematiske sider ved relasjonane, som vonleg kan gi ny innsikt, og bidra til ei nyansering av det negative biletet som er presentert i nasjonale og overnasjonale diskursar om somaliarane.
Publisher
The University of BergenCopyright
The authorCopyright the author. All rights reserved