Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRyssdal, Annbjørg
dc.date.accessioned2018-01-11T09:47:06Z
dc.date.available2018-01-11T09:47:06Z
dc.date.issued2017-09
dc.identifier.issn2464-4234
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17181
dc.descriptionMasteroppgåve AORG350, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen: http://hdl.handle.net/1956/16081
dc.description.abstractDenne studien tek føre seg endringar i styringskapasiteten til Politiets tryggleiksteneste (PST) etter terrorangrepet 22. juli 2011. Hovudelementa for studien er interne strukturelle organisasjonsendringar, samordning med eksterne aktørar (POD, JD, EOS-utvalet og E-tenesta) og endring i legale og økonomiske verkemiddel. PST er ein viktig aktør i tryggleiksorganiseringa i Noreg. Organisasjonen skal mellom anna ta i vare tryggleiken i kongeriket Noreg, motverka terrorisme og førebyggje og etterforske terroråtak i og mot Noreg gjennom kontraetterretning. Målet med studien har vore å bidra med ny empirisk kunnskap om organisasjonen og ny kunnskap på tryggleiksfeltet. Etter terrorhendinga 22. juli 2011 blei PST evaluert av eit utval leia av Kim Traavik og av Gjørv-kommisjonen (NOU 2012: 14). PST gjennomførte i tillegg ei intern evaluering. Med bakgrunn i Gjørv-kommisjonen og Traavik-utvalet sine rapportar blei det føreslått ei rekke endringar for å gjere PST betre i stand til å gjennomføre sine arbeidsoppgåver i framtida. Studien tek utgangspunkt i desse endringsforslaga, og viser at PST har gjennomført ein del av dei føreslåtte endringane. Ei stor utfordring når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap har vore samordning mellom aktørane. Her finn studien at det er tatt nokre steg i retning av meir samordning. Samordninga PST har med dei andre aktørane i studien, varierer. Det er derfor forskjell i endring ut frå kva aktør ein tek føre seg. Studien finn òg at PST har hatt høg prosentvis auke i midlar over statsbudsjettet etter 2011. Vidare tek studien føre seg endringar i dei legale verkemidla til PST, og dette blir knytt til styringslegitimitet. Arbeidsmetodane, særleg dei knytt til overvaking og borgarane sin rett til privatliv har skapt debatt i Noreg. Studien kastar lys over aktørane og argumenta rundt desse lovendringane. Balansen mellom personleg fridom og tryggleik har vore sentrale stikkord i denne debatten. Studien har nytta kvalitative intervju og dokumentanalyse for å identifisere og kartleggje endringane. Som sagt er PST sine arbeidsoppgåver å førebyggje og hindre terrortruslar mot tryggleiken i Noreg. Ein kan derfor sjå på denne studien som er bidrag til forsking på «wicked problems» (gjenstridig problem). Studien nyttar seg av ulike typar styringskapasitetar som skildrande teori og kombinerer institusjonell og instrumentell som forklarande teori.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherStein Rokkan Centre for Social Studieseng
dc.relationhttp://hdl.handle.net/1956/16081
dc.relation.ispartofseriesWorking paper; 3-2017eng
dc.titlePolitiets tryggleiksteneste i endring? Ein studie av PST etter 22. juli 2011eng
dc.typeWorking papereng
dc.description.versionpublishedVersion
dc.rights.holderCopyright Stein Rokkan Centre for Social Studies. All rights reserved.eng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel