Samtalar og opne sår. Om den samtalebaserte podkastinga sitt bidrag til intimiseringa av den amerikanske offentlegheita
Abstract
Denne masteroppgåva kjem til å vise korleis Marc Maron ved hjelp av intervju på podkasten WTF with Marc Maron bidrar til ein intimisering av den amerikanske offentlegheita. Bakgrunnskapitlet fortel oss kven Marc Maron er, tek føre seg podkastar ein kan samanlikne WTF with Marc Maron med, ser på liknande studiar og gir eit kort overblikk over talkshowet i USA. Hovuddelen ser på dei viktigaste aspekta ved denne oppgåva: Offentleg intimitet, podkasting, journalistisk intervjuteknikk og samtalen. Analysen skal ved hjelp av tolv episodar frå podkasten WTF with Marc Maron vise korleis Marc Maron, ved hjelp av eit sett teknikkar frå tradisjonell, journalistisk intervjuteknikk og samtalen, og ved å utnytte fordelane ved podkastmediet, bidrar til ein intimisering av offentlegheita.