Arbeidsgjevar sitt tredjemannstap. Kan arbeidsgjevar få erstatning frå skadevaldar for det inntektstapet han lir som følgje av ansvarsbetingande personskade på arbeidstakar?
Master thesis
View/ Open
Date
2018-07-07Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Law [2627]
Abstract
Problemstillinga for oppgåva er om arbeidsgjevar kan få erstatning frå skadevaldar for det inntektstapet han lir som følgje av ansvarsbetingande personskade på arbeidstakar. Dette er eit spørsmål om tredjemannstap. Difor tek oppgåva føre seg rettspraksis og juridisk litteratur om tredjemannsforholda, for å forsøkje å kartlegge innhaldet i vurderinga. Vidare vurderer oppgåva om problemstillinga er avklart med Rt. 2004 s. 1816 (Nøkkelmann-dommen), og konkluderer med at den ikkje er det. Som ei følgje av dette, forsøkjer oppgåva å avklare kva rettstilstanden både er og bør vere, med hjelp av den innleiande analysen av tredjemannsforhold. Konklusjonen i oppgåva er at arbeidsgjevar som hovudregel ikkje kan få erstatta inntektstapet av skadevaldar, men at det kan tenkjast unntak i spesielle tilfelle.