Musikkterapi ved depresjon. Ein kvalitativ studie av brukarerfaringar
Abstract
Studien har undersøkt korleis deltaking i musikkterapi kan verta opplevd og vera til hjelp for vaksne personar i ein kvardag med depresjon. For å kunne forstå desse opplevingane i kontekst av musikkterapi som eit helsetilbod i psykisk helsevern, vart dei sett i ljos av eit Recovery-perspektiv. Fire kvalitative intervju vart produsert, presentert og samanlikna utifrå ein hermeneutisk og fenomenologisk tilnærming. Funna viste at deltaking i musikkterapi kunne føre til utfordrande og positive opplevingar av å samarbeide med andre og vera aktiv med musikk. Det viste òg at det var eit samspel mellom opplevingar i musikkterapi med opplevingar frå kvardagen. Opplevingar av musikk og eit støttande samarbeid kunne føre til positive kjensler, eit styrka sjølvbilete, ny innsikt og endra perspektiv. Det viste òg at desse opplevingane kunne føre til nye moglegheiter til å leva i og handtera ein kvardag med depresjon. The study has investigated how participation in music therapy can be experienced and be a support in an everyday-life of depression. In order to understand their experiences in context of music therapy as a health-service in mental health care, are they seen in context of a Recovery perspective. Four qualitative interviews where produced, presented and compiled with a hermeneutical and phenomenological approach. The findings showed that participation in music therapy could lead to challenging and positive experiences of collaborating with others and being active with music. It also showed that there was a correlation between experiences in music therapy and experiences from the everyday-life. Experiences of music and supportive collaboration could lead to positive feelings, a strengthened self-image, new insight and a changed perspective. These experiences led to new opportunities to live and master an everyday-life of depression.