"Eg tenkte jo det hadde nåke med n å gjer, eg skjønte jo det". Bruk av Five Practices i arbeid med generalisering av figurmønster
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/18976Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva har eg brukt ei alternativ undervisningsmetode kalla Five Practices i arbeidet med generalisering av figurmønster. Ved å gjennomføre to identiske testar, ein før og ein etter prosjektperioden, har eg sett på kva type løysingsstrategiar elevar brukar når dei løyser oppgåver med figurmønster. Eg har også sett på om det kjem fram endringar i bruk av løysingsstrategiar frå den fyrste til den andre testen. Vidare har eg prøvd å finne ut om undervisningsmetoden har hatt noko å seie for elevane sine val av løysingsstrategi. Totalt atten elevar frå to ulike klassar i programfaget R2 deltok på testane. På bakgrunn av resultata på testane, plukka eg ut ni elevar til intervju. Ved hjelp av konvensjonell og teoridreven analyse der datamaterialet vart koda og kategorisert, har eg delt løysingsstrategiane som kom fram i studien inn i to hovudkategoriar, rekursiv og eksplisitt. Under rekursiv kategori finn ein strategiane finne differansen, dobling med justering og addisjonsmetoden, der addisjonsmetoden er henta frå Mason (1996). Finne differansen handlar om at eleven finn ein differanse mellom kvar figur i mønsteret. Dobling med justering går ut på å doble talet på perlar i ein figur og justere ved å trekke frå dei perlene ein får for mykje i forhold til neste figur. Addisjonsmetoden går ut på å bruke føregåande ledd for å finne eit uttrykk for det neste leddet i mønsteret. Under eksplisitt kategori har eg plassert strategiane kvadratmetoden, rektangelmetoden og fullt kvadrat med justering. Alle desse tre strategiane handlar om å sjå ein struktur i mønsteret basert på geometriske figurer som dei kjenner frå før. Studien min viser at generalisering av figurmønster er vanskeleg for fleire elevar. Halvparten av elevane som er med i studien klarte ikkje å generere eit formelt uttrykk for mønsteret i oppgåva på den fyrste testen, som vart gjennomført før prosjektperioden. Etter prosjektperioden klarte tre av desse elevane å finne eit eksplisitt uttrykk for eit vilkårleg ledd i mønsteret. Blant dei elevane som genererte eksplisitte løysingsstrategiar på begge testane, kunne ein registrere mindre endringar. Vidare kjem det fram at fleire elevar set ord på at dei har lært noko i prosjektperioden. Det er likevel vanskeleg å knytte desse funna opp mot kva rolle arbeidsmetoden har hatt å seie for utviklinga dei har hatt.