Samvær ved omsorgsovertaking. Ein studie av gjeldande rett
Master thesis
View/ Open
Date
2018-12-10Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Law [2626]
Abstract
Oppgåva omhandlar samvær ved omsorgsovertaking. Barn og foreldre har rett til samvær dersom barnevernet overtek omsorga for barnet, jf. barnevernloven § 4-19. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 vernar om familielivet mellom barn og foreldre og er sentral for vurderinga. Etter FNs Barnekonvensjon (BK) artikkel 9 nr. 3 har barn rett til kontakt med foreldra når dei er skilde frå kvarandre. Det biologiske prinsipp tilseier også at det skal vera samvær mellom barn og foreldre. Etter barnevernloven § 4-19 andre ledd kan fylkesnemnda avgrensa eller nekta samvær dersom det er til barnets beste. Dette er eit sterkt inngrep overfor foreldre og barn, og det er derfor kravd sterke og spesielle grunnar for ei slik avgrensing. Oppgåva gjennomgår aktuelle moment ved samværsvurderinga og kva som skal til for å sterkt avgrensa eller nekta samvær.