Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFrimannslund, Una Queenly Vaagen
dc.date.accessioned2019-06-05T01:09:37Z
dc.date.available2019-06-05T01:09:37Z
dc.date.issued2019-06-05
dc.date.submitted2019-06-04T22:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/19859
dc.description.abstractLæring oppstår i møte med ulike tekstformer frå ulike typar medium, og i det 21. århundret er det særskilt dei multimodale tekstane som blir brukt i engelskundervisninga. Denne masteroppgåva fokuserte på programfaget samfunnsfagleg engelsk. Føremålet med dette studiet i engelsk fagdidaktikk var å sjå nærare på det didaktiske potensiale av videoar som multimodale tekstar som omhandlar kontroversielle tema og appellerer til sjåarane sine kjensler. Den nye overordna delen til læreplanen (som trer i kraft i 2020) legg blant anna vekt på kritisk tenking og etisk medvit. Sjølv om videoar er eit mykje brukt medium i engelskundervisninga i Noreg, har framandspråksdidaktikken fokusert lite på det didaktiske potensiale av videoar som multimodale tekstar. I forhold til læring og kommunikasjon, og om kritisk tenking og etisk medvit er også desse sidene i engelsk fagdidaktikk i liten grad blitt undersøkt i samband med analyse av videoar. Målet med studiet var å utforska korleis videoar som multimodale tekstar skaper meining og appellerer til kjensler, og for å presentere kontroversielle tema i det norske klasserommet. Studiet har vidare hatt som mål å analysera det større potensiale av videoar i undervisninga, samt korleis bruken av ein multimodal tilnærming til materialet kan fremja danning. Studiet har brukt ein kvalitativ metode der den multimodal analysen illustrerer og diskuterer korleis ei multimodal tilnærming kan vera nyttig når ein underviser om kontroversielle tema som appellerer til kjensler. Det empiriske materialet er sett saman av ulike analyseutdrag av to videoar som omhandlar to forskjellige kontroversielle tema i USA og Storbritannia. Den multimodale analysen som vart brukt for å analysera det didaktiske potensiale av videoane fokuserte på sosialsemiotikk og meiningsdanning, kombinert med retorisk analyse som fokuserte på Aristoteles sine retoriske bevismidlar (etos, logos og patos). Funna frå analysen indikerer at videoar som multimodale tekstar vil opna for refleksjon og diskusjon av kontroversielle tema. Den gjer og elevane meir medvitne om korleis og kvifor videoar som appellerer til kjensler påverkar oss som sjåarar. Det blir i denne masteroppgåva argumentert for at ei multimodal tilnærming til videoar i det engelske klasserommet er viktig for å utnytta det didaktiske potensiale av videoar. Vidare blir det også argumentert for at læring er tilgjengeleg i alle ulike former, og det blir til slutt presentert didaktiske tilrådingar og framlegg til vidare forsking.en_US
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.subjectcritical thinking
dc.subjectcontroversial issues
dc.subjectmultimodal texts
dc.subjectBildung
dc.subjectmultimodal analysis
dc.titleAnalyzing the didactic potential of videos appealing to emotions in the Social studies’ English classroom in upper secondary school
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-04T22:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeMPENGL
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeZMPHFFAK
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel