Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkulbru, Ruth Mari
dc.date.accessioned2019-06-27T00:32:06Z
dc.date.available2019-06-27T00:32:06Z
dc.date.issued2019-06-27
dc.date.submitted2019-06-26T22:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20469
dc.description.abstractDenne studien tek utgangspunkt i Facebook som plattform for nyheitsformidling. Studien forsøk å svare på korleis unge vaksne opplev sin eigen nyheitsbruk i ein fragmentert og individorientert mediekvardag og kva erfaringar dei gjer seg gjennom nyheitsstraumen på Facebook. For å finne svar på dette tek studien utgangspunkt i intervju som går i djupna på unge vaksne sin mediebruk. I tillegg til å gjennomføre intervju er ein liten del av denne studien tildelt think-aloud metoden som bruk av metode. Studien legg vekt på korleis unge vaksne i alderen 19 til 26 år brukar Facebook som plattform for nyheitstilgang og korleis fragmentering og individorientert innhald kjem til uttrykk gjennom nyheitsstraumen. Dette er ein generasjon som har vore med i eit skifte frå dei tradisjonelle mediene i overgangen til nettbaserte medier. Studien viser at dei største avisene i Noreg offline, og er dei som er størst online blant unge vaksne i denne aldersgruppa. Studien diskuterer funksjonen av å følgje nyheitsmedier i sosiale nettverkstenestar som Facebook, og korleis dette kan påverke kommunikasjons- og informasjonsflyten gjennom filterbobler og ekkokammer. Kapittel fire er delt inn i to ulike delar, der den første delen tek utgangspunkt i dei funksjonane på Facebook som grip om det individorienterte innhaldet og korleis fragmenteringa kjem til uttrykk her. I den siste delen kan du lese om dei sosiale dimensjonane ved nyheitsstraumen på Facebook som kan fortelje oss noko om kva funksjon vener har i eit nyheitsperspektiv. Gjennomgåande vil sentrale teoriar som Michael Schudsons overvakande borgar og John Zallers innbrotsalarm bli diskutert i lys av ulike aspekt ved nyheitskonsum gjennom nyheitsstraumen. Her vil eg òg trekkje fram ulike omgrep som kan fortelje oss noko om korleis unge vaksne hentar informasjon frå nyheiter gjennom individorienterte funksjonar. Sentrale omgrep vil vere Kim Christian Schrøder og Bent Steeg Larsens worthwhileness, David Mathieu og Tereza Pavlicova omgrep som handlar om korleis nyheitsstraumen må ha relevans, og Denis McQuail sin teori om at eit medium må dekkje eit behov hjå brukaren. Studien kan bidra til ei forståing av korleis Facebook kan bli betrakta som ein plattform for krysning mellom ulike kjelder for nyheitstilgang, og korleis unge vaksne nyttar seg av denne plattforma for å oppretthalde den overvakande funksjonen som samfunnsborgar. Studien peikar dessutan på positive sider knytt til individorientert innhald i nyheitsstraumen, men ser og utfordringane med fragmenteringa.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.titleDen overvakande borgaren i nyheitsstraumen
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2019-06-26T22:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgave i medievitenskap
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116
fs.subjectcodeMEVI350
fs.unitcode15-17-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel