Erfaringar med interkommunalt samarbeid i kommunesamanslåingsprosessen. Ein studie av kommunereforma i nye Ålesund kommune
Master thesis
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Government [473]
Abstract
Omfanget av interkommunalt samarbeid har hatt ei stor auke frå 2000-talet og fram til i dag, og fleire kommunar i Noreg er avhengige av desse samarbeida for å utføre dei kommunale oppgåvene sine. I 2015 vart kommunereforma til Solberg-regjeringa vedteken, og dette fører med seg ei kommunesamanslåing for mange kommunar i Noreg. Dette er kommunar som i dei fleste tilfelle har hatt interkommunale samarbeid med samanslåingskommunane, og som kjenner kvarandre godt frå før. På bakgrunn av dette er det interessant å studere om læring av erfaringar frå interkommunalt samarbeid har vore eit avgjerdsgrunnlag i kommunesamanslåingsprosessen. Denne studien er eit casedesign og eg har valt nye Ålesund som case. Denne kommunen skal bestå av dei fem opphavelege kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Oppgåva tek utgangspunkt i å kartlegge erfaringane til kommunane med interkommunalt samarbeid og deretter vurdere i lys av eit læringsperspektiv i kva grad desse erfaringane har hatt innverknad på samanslåingsprosessen. Eit forhandlingsperspektiv vil fungere som motperspektiv for å forklare at dersom erfaringar ikkje har hatt innverknad, så er det andre faktorar som har vore avgjerande for kommunane. Datamaterialet består av intervju med ordførarar og rådmenn i kommunane, samt relevante skriftlege kjelder. Funna til studien viser at læring gjennom erfaring frå tidlegare samarbeid har avgrensa tyding når enkeltaktørane står ovanfor avgjersla om ei mogleg samanslåing, men at det absolutt har vore eit diskusjonstema i kommunane.