Gje meg handa di, ven: Ei undersøking av det teoretiske grunnlaget i artiklar med fokus på hinder mot hjelpesøkande åtferd hjå menn med depresjon
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/22580Utgivelsesdato
2020-06-13Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hensikta med denne oppgåva var å undersøkje det teoretiske grunnlaget i artiklar med fokus på hinder for menn si hjelpesøkjande åtferd for depresjon. Forsking har i ei årrekkje synt at menn i mindre grad enn kvinner søkjer hjelp for psykiske problem. Nyleg publiserte den amerikanske psykologforeininga (APA) retningslinjer for psykologisk behandling av gutar og menn. I kjølvatnet av utgivinga, har retningslinjene vorte kritisert for å ikkje ta biologiske perspektiv i betraktning. For å undersøkje kva forskinga kring menn og maskulinitet byggjer på, vart det gjennomført eit systematisk litteratursøk i databasane PsychInfo, Medline og Web of Science. Utifrå dette vart 26 artiklar inkludert. Til trass for ein mangfaldsrik ordbruk og variasjonar i omgrep nytta om menn og maskulinitet, kunne artiklane teoretisk sett kategoriserast inn under to av fire paradigmer, som framlagt av Addis og Cohane (2005), nemleg eit sosial lærings- og sosialkonstruksjonistisk paradigme. Som med APA sine retningslinjer, er biologiske perspektiv ikkje representerte i dei inkluderte artiklane i denne oppgåva. Det teoretiske grunnlaget i artiklane byggjer på eit syn på kjønn som sosialt betinga, og er såleis i tråd med retningslinjene APA publiserte. Dette er ikkje einstydande med at APA ikkje bør kritiserast for retningslinjene, men på punktet som gjeld manglande biologiske perspektiv er det ikkje forskingsmessig grunnlag som underbyggjer inklusjon av biologiske teoriar i retningslinjene. Sett frå ein anna vinkel kan kritikken i etterkant heller fungere som peikepinn på at meir biologisk forsking er naudsynt på dette området, for å skape eit heilheitleg bilete av faktorar som spelar inn på maskulinitet, med omsyn til hjelpesøking og andre område som er sentrale for liva til menn.