Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorArstein, Hanne
dc.date.accessioned2020-06-13T04:36:43Z
dc.date.available2020-06-13T04:36:43Z
dc.date.issued2020-06-13
dc.date.submitted2020-06-12T22:00:05Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/22580
dc.description.abstractHensikta med denne oppgåva var å undersøkje det teoretiske grunnlaget i artiklar med fokus på hinder for menn si hjelpesøkjande åtferd for depresjon. Forsking har i ei årrekkje synt at menn i mindre grad enn kvinner søkjer hjelp for psykiske problem. Nyleg publiserte den amerikanske psykologforeininga (APA) retningslinjer for psykologisk behandling av gutar og menn. I kjølvatnet av utgivinga, har retningslinjene vorte kritisert for å ikkje ta biologiske perspektiv i betraktning. For å undersøkje kva forskinga kring menn og maskulinitet byggjer på, vart det gjennomført eit systematisk litteratursøk i databasane PsychInfo, Medline og Web of Science. Utifrå dette vart 26 artiklar inkludert. Til trass for ein mangfaldsrik ordbruk og variasjonar i omgrep nytta om menn og maskulinitet, kunne artiklane teoretisk sett kategoriserast inn under to av fire paradigmer, som framlagt av Addis og Cohane (2005), nemleg eit sosial lærings- og sosialkonstruksjonistisk paradigme. Som med APA sine retningslinjer, er biologiske perspektiv ikkje representerte i dei inkluderte artiklane i denne oppgåva. Det teoretiske grunnlaget i artiklane byggjer på eit syn på kjønn som sosialt betinga, og er såleis i tråd med retningslinjene APA publiserte. Dette er ikkje einstydande med at APA ikkje bør kritiserast for retningslinjene, men på punktet som gjeld manglande biologiske perspektiv er det ikkje forskingsmessig grunnlag som underbyggjer inklusjon av biologiske teoriar i retningslinjene. Sett frå ein anna vinkel kan kritikken i etterkant heller fungere som peikepinn på at meir biologisk forsking er naudsynt på dette området, for å skape eit heilheitleg bilete av faktorar som spelar inn på maskulinitet, med omsyn til hjelpesøking og andre område som er sentrale for liva til menn.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectmaskulinitet
dc.subjectmenn
dc.subjectdepresjon
dc.subjecthjelpesøking
dc.titleGje meg handa di, ven: Ei undersøking av det teoretiske grunnlaget i artiklar med fokus på hinder mot hjelpesøkande åtferd hjå menn med depresjon
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-12T22:00:05Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeHovudoppgåve psykologprogrammet
dc.description.localcodePROPSY317
dc.description.localcodePRPSYK
dc.subject.nus736102
fs.subjectcodePROPSY317
fs.unitcode17-0-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel