Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNyland, Amalie Teigen
dc.date.accessioned2020-06-24T09:10:15Z
dc.date.issued2020-06-23
dc.date.submitted2020-06-22T22:00:32Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/22910
dc.description.abstractMange ungdommar opplever god helse. Likevel aukar omfanget av psykiske vanskar, og skulen vert rekna som viktig arena for psykisk helsearbeid. Føremålet med denne studien er å få kunnskap om korleis sosialpedagogiske rådgjevarar i vidaregåande skule, som har i oppgåve å hjelpe elevar med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar, opplever det psykiske helsearbeidet. Med tanke på at alle tilsette i skulen har opplysingsplikt, er det også eit føremål å få kunnskap om korleis sosialpedagogiske rådgjevarar opplever samarbeidet med barnevernet. Forskingsprosjektet nytta ei kvalitativ studie med semi-strukturerte intervju som design. Data blei samla frå seks sosialpedagogiske rådgjevarar i fem ulike vidaregåande skular i tidlegare Hordaland fylkeskommune. Funna blei analysert ut i frå tematisk analyse og diskutert ved hjelp av Bandura sitt teoretiske konsept «self-efficacy», samt modellar for samarbeid. Funna syner at dei sosialpedagogiske rådgjevarane opplevde at si rolle i det psykiske helsearbeidet handla om å halde kurs for elevane, informere om skulen sitt helsetilbod, tryggje og sjå elevane, samt å leggje til rette og følgje opp elevane i skulen. Rådgjevarane ynskte meir tid og kompetanse i arbeidet med elevar som opplever psykiske vanskar, og peikte på godt samarbeid med skulehelsetenesta som viktig for å kunne gje god hjelp til ungdommane. Sjølv om det var ulikt i kor stor grad rådgjevarane hadde kontakt med barnevernstenesta, så blei barnevernet opplevd som ein viktig kunnskapsressurs. Samarbeidet mellom skulen og barnevernet var ofte prega av lite tid og manglande kunnskap hjå barnevernstilsette, og funna i studien indikerer eit behov for meir systematisk samarbeid med barnevernstenesta.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleSosialpedagogiske rådgjevarar sine opplevingar av deira rolle i det psykiske helsearbeidet i den vidaregåande skulen og samarbeidet med barnevernet
dc.title.alternativeCounselors´ experiences of their role in mental health promotion in High School and the cooperation with the Child Welfare Service
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-22T22:00:32Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i barnevern
dc.description.localcodeMABARN351
dc.description.localcodeMAPS-BARN
dc.subject.nus762106
fs.subjectcodeMABARN351
fs.unitcode17-33-0
dc.date.embargoenddate2021-05-29


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel