Show simple item record

dc.contributor.authorFinstad, Mathias
dc.date.accessioned2020-06-26T04:30:25Z
dc.date.available2020-06-26T04:30:25Z
dc.date.issued2020-06-25
dc.date.submitted2020-06-24T22:01:03Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/23008
dc.description.abstractFrå og med hausten 2020 vil dei første nye læreplanane i fagfornyinga ha blitt tatt i bruk. Fagfornyinga skal blant anna sikre elevane kompetanse som vil vere nødvendig i eit framtidig samfunn og arbeidsliv. Vidare skal dei nye læreplanane gi elevane eit betre grunnlag for å kunne reflektere, vere skapande, utforskande og kreative, kor blant anna programmering og algoritmisk tenking er inkludert for å fremme dette. I min masterstudie har eg tatt utgangspunkt i problemstillinga: «Kva er føremålet med å integrere programmering og algoritmisk tenking i matematikkfaget, og kva tenkjer matematikklærarar i den vidaregåande skulen om denne integreringa?». Vidare har eg sett på kva nytte og utfordringar som programmering og algoritmisk tenking kan ha i matematikkundervisinga, samt kva andre faktorar som kan påverke denne integreringa. For å svare på problemstillinga har eg nytta eit kvalitativt forskingsintervju kor eg intervjua ni lærarar. To av desse har vore medverkande i arbeidet med dei nye læreplanane, medan dei sju andre jobbar som matematikklærar i den vidaregåande skulen. Seks av lærarinformantane har erfaring med programmering og algoritmisk tenking i frå tidlegare. Lærarinformantane som stiller seg positive til at programmering og algoritmisk tenking skal inn i matematikkfaget, er dei fem som tar vidareutdanning i dette. Samtidig vil fleirtalet av lærarinformantane heller ha programmeringsopplæringa i eit eige fag framfor matematikk, men at dei framleis vil bruke det i matematikkfaget. Analysen av datamaterialet viser at informantane sitt synspunkt kring føremål og nytte med å inkludere programmering og algoritmisk tenking i matematikkfaget, stemmer godt overeins med Utdanningsdirektoratet sine føringar. Algoritmisk tenking er inkludert i dei nye læreplanane som ein problemløysingsstrategi. Programmering vil kunne brukast til å løyse nye og fleire typar oppgåver i matematikk enn tidlegare, bidra til utforsking og problemløysingsevne, auke forståing hos elevane og verke motiverande, samt at det er ein framtidsretta kompetanse. Manglande kompetanse hos læraren, tidsbruk, stofftrengsle og det at elevane må få eit grunnlag i programmering, blir nemnd som moglege utfordringar. Mangel på kompetanse hos læraren blir trekt fram som den største utfordringa, kor dette kan vere med på å forsterke andre utfordringar. Eksamen og lærebøkene blir også framheva som avgjerande faktorarar når det kjem til bruken av programmering og algoritmisk tenking i undervisinga. Føremålet med denne studien har vore å få innsikt i integreringa av programmering og algoritmisk tenking i matematikkfaget, samt danne eit bilete over kva matematikklærarar tenkjer om denne integreringa. Eg håpar at studien vil vere eit viktig bidrag til vidare forsking på dette området.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleProgrammering og algoritmisk tenking i matematikk
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-24T22:01:03Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i matematikken_US
dc.description.localcodeMAT399K
dc.description.localcodeMAMN-LÆRE
dc.description.localcodeMAMN-MAT
dc.subject.nus753109
fs.subjectcodeMAT399K
fs.unitcode12-11-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record