Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSlåtten, Hilde
dc.contributor.authorAnderssen, Norman
dc.contributor.authorHolsen, Ingrid
dc.date.accessioned2008-08-15T13:13:34Z
dc.date.available2008-08-15T13:13:34Z
dc.date.issued2008eng
dc.identifier.isbn978-82-7669-121-4eng
dc.identifier.isbn978-82-7669-122-1eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/2753
dc.descriptionDenne reviderte rapporten byggjer på rapporten ”Førebygging og handtering av homofobisk erting. Oversikt og forslag til tiltak” (2007) som vart utarbeida av forskarassistent Hilde Slåtten, førsteamanuensis Norman Anderssen og førsteamanuensis Elisabeth Fosse, utgjeven av Avdeling for samfunnpsykologi ved Universitetet i Bergen (Slåtten, Anderssen, & Fosse, 2007). Delar av denne reviderte rapporten er direkte henta frå den fyrste rapporten medan andre delar er nye. Den reviderte rapporten byggjer òg på eit utprøvingsprosjekt ved tri ungdomsskular, og lærarane sine kunnskapar og erfaringar med å prøve ut dei føreslåtte tiltaka frå den første rapporten.no
dc.description.abstractHomofobisk erting er ei særskilt form for erting der ungdom brukar ord og uttrykk om homoseksualitet for å kritisere, rakke ned på eller for å uttrykke noko som er teit, dumt, sprøtt, dårleg eller ukult. Sjølv om erting med homo-ord (til dømes ”homo”, ”homse”, ”lesbe”) kan vere vennlegsinna, ligg det likevel ei underforstått tyding av negativitet knytt til homoseksualitet i denne forma for ordbruk, og ertinga vert difor som regel oppfatta negativt. Å tillate negative kommentarar med homo-ord i skulen utgjer eit viktig vilkår for at negative haldningar til lesbiske og homofile skal få leve vidare blant barn og unge. Homofobisk erting råkar alle. Homofobisk erting inneber at mange slags relasjonar til medelevar av same kjønn direkte og indirekte vert blinka ut, sett ned på og gitt status som potensielt urovekkjande. På den måten verkar homofobisk erting disiplinerande og avgrensande på ein negativ måte for alle elevar. Sjølvsagt er homofobisk erting spesielt vanskeleg for dei elevane som allereie i ung alder identifiserer seg som lesbiske og homofile. Eit miljø som tillet homofobisk erting vil òg råke elevar som seinare vil sjå seg som homofile og lesbiske, og det vil råke elevar med foreldre, sysken og andre nære personar som er homofile eller lesbiske. I følgje Opplæringslova og Kunnskapsløftet er skulane plikta til å skape trygge læringsmiljø og gripe inn når elevar vert utsett for krenkande ord. Siste versjon av Mobbemanifestet seier at skulane skal medverke til at ungdom ikkje vert utsett for homofobi. Lærarar har særs gode føresetnader for å førebyggje og handtere homofobisk erting sidan dei dagleg profesjonelt må forhalde seg til alle slags samhandlingar og konfliktstoff knytt til elevane sin kvardag. Men dei fleste lærarane har ikkje spesiell opplæring i emnet homonegativisme, og dette er ei utfordring. Vidare er skulekvardagen til lærarane svært travel og fylt opp med mange og konkurrerande prosjekt og oppgåver, og det er lite tid for nye og tidkrevjande tiltak. Tiltaka som vert beskrive i denne rapporten, er difor utvikla slik at dei krev lite tid og pengar. Fyrst og fremst er det aktuelt å innlemme førebygging og handtering av homofobisk erting i skulen sin handlingsplan mot mobbing og i skulen sine eksisterande faglege opplegg. Tiltaka vart fyrste gongen presenterte i rapporten ”Førebygging og handtering av homofobisk erting i ungdomsskulen; oversikt og forslag til tiltak”, og vart hausten 2007 prøvde på til saman tri ungdomsskular i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Lærarane sine kunnskapar og erfaringar med implementeringa av tiltaka vart så brukte til å revidere og vidareutvikle tiltaka, slik at dei passar til norske ungdomsskular. Tiltaka me legg fram i denne reviderte rapporten er: 1. Etablere nulltoleranse mot homofobisk erting og inkludere dette i skulen sin handlingsplan mot mobbing 2. Byggje og nytte kompetanse blant lærarane i handtering av homofobisk erting 3. Auke bevisstheita om homofobisk erting blant elevane 4. Ta avstand frå og slå ned på homofobisk ertingno_NO
dc.description.sponsorshipDette er ein rapport som Barne- og likestillingsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har finansiert, med Unifob Helse som prosjektansvarleg institusjon.eng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherResearch Centre for Health Promotion, The University of Bergeneng
dc.relation.ispartofseriesHEMIL-report; 1-2008en
dc.subjectMobbingnob
dc.subjectRasismenob
dc.subjectHomonob
dc.subjectHomofilnob
dc.subjectLesbisknob
dc.subjectHomoseksualitetnob
dc.subjectBiseksualitetnob
dc.subjectElevnob
dc.subjectLærernob
dc.subjectSkolennob
dc.titleFørebygging og handtering av homofobisk erting i ungdomsskolen: Revidert rapport med utprøving og forslag til tiltaknob
dc.typeResearch report
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Psykologi: 260::Sosial- og arbeidspsykologi: 263nob


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel