Show simple item record

dc.contributor.authorBolstad, Lasseeng
dc.date.accessioned2008-12-03T12:05:13Z
dc.date.available2008-12-03T12:05:13Z
dc.date.issued2008-06-02eng
dc.date.submitted2008-06-02eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/3055
dc.description.abstractHar norske kommunar intensjonar om å påverke politikkutforminga i EU, eller har dei heilt andre forventingar til bruk av europakontora som verktøy? Dette spørsmålet er rimeleg å stille seg når ein ser korleis kommunane sjølve har vore sterkt deltakande i å etablere ein alternativ informasjons- og påverknadskanal mellom det lokalpolitiske nivået og den Europeiske Union. Denne studien har søkt å avdekkje kva medlemskommunane sjølve forventa av dette samarbeidet då dei vedtok å melde seg inn i dette samarbeidet. Denne uttrykte motivasjonen har blitt kategorisert i høve til om argumenta talar for kommuneorganisasjonen sitt eige vel, eller om dei i første rekkje peiker på deltakinga i europakontora som ein ekstraservice til lokalsamfunnet. I tillegg er argumenta delt inn i lyttepost- og lobbyistargument. Desse observasjonane er så drøfta ut frå eit ønske å sjå kva som kan vere årsaker til forventingane, med to særlige aspekt i tankane; det eine i kva grad forventingane kan vere eit uttrykk for at kvaliteten i den tradisjonelle. Det andre aspektet har vore å sjå i kva grad ein kan forklare forventingane ut frå institusjonelle trekk ved EU ut frå eit fleirnivåperspektiv, med særlig fokus på lobbyisme. Resultata eg har komme fram til er at det i stor grad er ei forventing blant medlemskommunane at europakontora skal bidra med å styrke informasjonsflyten frå EU og tilbake til kommunane. Samstundes er det også ein klar tendens som peikar mot at kommunane har ei forventing om at europakontora skal vere eit aktivt verktøy når det gjeld å målbere lokalsamfunnet, og særleg næringslivet, sine behov og ønskjer ut i dei ulike fora i Europa og på den måte opptre som lobbyistar på kommunens vegne. Eg har vidare gjort forsøk på å forklare desse resultata med hjelp ei skildring av EU som eit ”multi-level governance”-system, samt eit meir tradisjonelt, intergovernmentalt perspektiv på samhandling mellom nasjonalstaten og EU som ein overnasjonal struktur. Observasjonane som er gjort blir det hevda kan sjåast som ein effektivitetskritikk av den allereie eksisterande påverknadskanalen gjennom regjeringa, og dette igjen styrkjer påstanden om at vi her har klart å vise korleis ein organisasjon som Noreg ikkje er medlem av kan trenge igjennom og påverke organisasjonspremissar heilt ned på det lokale forvaltingsnivået. Den pågåande europeiseringa har forårsaka ein kraftig endringsimpuls i den norske kommunesektoren, og europakontora har då blitt svaret som enkelte av kommunane kjem opp med for å gå dei medfølgjande utfordringane i møte.no_NO
dc.format.extent1333275 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectEUnob
dc.subjectKommunernob
dc.subjectEuropakontornob
dc.subjectEuropeiseringnob
dc.subjectLobbyismenob
dc.subjectFlernivåstyrenob
dc.subjectRegionaliseringnob
dc.titleNorske kommunar og EU. Forventingar til medlemsskap i europakontornob
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderThe authoren_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeAORG350
dc.description.localcodeMASV-AORG
dc.subject.nus731111eng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242nob
fs.subjectcodeAORG350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record