Komparativ historie: ei utfordring for historiefaget?
Abstract
Artikkelen diskuterer ulike sider ved bruken av komparasjon i historiefaget med ei særleg vekt på metodiske spørsmål. Desse inkluderer spørsmålet om abstraksjonsnivå, talet på undersøkingseiningar og valet mellom synkron eller diakron jamføring på den eine sida og meir praktiske utfordringar knytt til bruk av primærkjelder og historiografi på den andre. I siste instans har artikkelen eit praktisk siktemål: å illustrera at det ikkje er noko naudsynt motsetnad mellom den forma for makro-kausal jamføring som delar av den historiske sosiologien har gjort seg til talsmenn for og det individualiserande og kontekstualiserande blikket som gjerne historikarar forfektar når det gjeld samanlikning.