Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKirkebø, Lena Solheimeng
dc.date.accessioned2010-08-30T12:34:16Z
dc.date.available2010-08-30T12:34:16Z
dc.date.issued2010-05-17eng
dc.date.submitted2010-05-17eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4047
dc.description.abstractSkulearkitektur - Ei utgreiing om skulebygget i spenningsfeltet mellom arkitektur og pedagogikk. Dette masterprosjektet stiller fyljande problemstilling: Kva rolle spelar dei pedagogiske læringsteoriane i utforminga av det arkitektoniske formspråket? Korleis møter formuttrykket den pedagogiske verksemda i skulen? For å svare på denne problemstillinga har eg beskrive og analysert fem ulike skulebygg lokalisert i Bergen og ein i Stavanger. Dei utvalde skulane er Rothaugen 1912, Landås 1956, Loddefjord 1974, Steiner-skulen i Stavanger 1999 og Apeltun 2003. Skulearkitekturen i denne oppgåva viser bredde og variasjon, noko som gjev innblikk i eit utviklingsførelaup som prega 1900 talet. Byggverka hentar sine referansar frå ulike arkitekturhistoriske stiluttrykk som samsvarar med den aktuelle tidsepoken skulane tok form. Spørsmålet om dei sentrale pedagogiske læringsteoriane er eit avgjerande moment i utviklinga kan svarast på ved å samanlikne arkitektur og teori. Det viser seg at det arkitektoniske formspråket avslører tydelege spor av læringsteoriane som regjerte til ulike tider i hundreåret. Framstillinga gjev også ein peikepinne på ei kategorisering av skulebygningane der to grupper utmerkar seg. Formspråket ved Rothaugen og Landås er symmetrisk, enkelt og organisert på ein repeterande måte, noko som karakteriserar bygga innan merkelappen auditorieskule. Denne karakteristikken høver til den formidlande og bokstyrte pedagogikken som vart praktisert ved desse skulane. I den andre gruppa finn ein eit meir levande, organisk eksteriør og eit variert indre som markerer dei tre andre skulane som laboratorieskular. Eit slikt merke samsvarer med eit barnesentrert pedagogiske lærdomsyn prega av individuell vekst, utforsking og aktivitetsprega undervisning. Svaret på spørsmålet er difor at læringsteoriane påverkar utviklinga av skulearkitekturen og kan lesast som synlege spor i arkitekturen. Ser vi vidare til samanheng mellom det idéhistoriske utgangspunktet og skulebyggas arkitekturhistoriske referanse opnar det seg nye perspektiv til problemstillinga. Diskusjonen gjekk vidare til det symbolske aspektet i skulanes eksteriør. Samanlikning av arkitektur og ideologi Utforminga av Rothaugen og Landås viser til ein skulekvardag prega av styring, kontroll, disiplin og tradisjon, noko som også kan karakterisere arkitekturteoriar som historisme og modernisme der reglar og tradisjonar står som sentrale element i framstilinga. Det er tydeleg at skulearkitekturen endra seg i takt med samfunn og pedagogiske svingingar i tida. Etterkvart som dialog, medbestemming og eit ynskje om å tilfredstille brukarens behov dukkar opp som viktige faktorar kan ein sjå at skulane let seg forme etter nye arkitekturprinsipp. Større fridom og ein organisk arkitekturform som høver til det pedagogiske innhaldet let seg påvise i utforminga av Loddefjord, Steiner-skulen og det moderne skulebygget Apeltun. Ein ideologi prega av aktivitet og interesse treng eit formspråk som møter dei nye læringsaktivitetane. Dette kjem til syne i eit levande, komplekst og samansatt formuttrykk som appellerar til barns leik og aktivitet. Interiøret som arena for pedagogisk praksis Spørsmålet gjekk vidare til korleis formuttrykket imøtekjem den pedagogiske praksis som var aktuell å drive i høve rådande læringsteori. Historisk sett viser kvart skulebygg ei tilpassa organisering av undervisningslokala som samsvarar med dei framtredande...en_US
dc.format.extent3587804 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectSkulearkitekturnob
dc.titlePedagogisk arkitektur? Ei utgreiing om skulebygget i spenningsfeltet mellom arkitektur og pedagogikknob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Kunsthistorie
dc.description.localcodeMAHF-KUN
dc.description.localcodeKUN350
dc.subject.nus713203eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Arkitektur og design: 140::Arkitektur- og designhistorie: 141
fs.subjectcodeKUN350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel