Show simple item record

dc.contributor.authorTotland, Ole Jakobeng
dc.date.accessioned2010-09-14T08:10:42Z
dc.date.available2010-09-14T08:10:42Z
dc.date.issued2009-05-20eng
dc.date.submitted2009-05-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4173
dc.description.abstractDenne masteruppgåva presenterer etnonasjonal demografisk samansetnad og innkomor frå eksport av råvareressursar som dei avgjerande strukturelle vilkòri for framvoksteren av nye autoritære regimeslag i dei sentralasiatiske republikkane Turkmenistan, Usbekistan, Kasakhstan og Kirgisistan etter uppløysingi av Sovjetsamveldet. Samanhengen millom desse strukturelle vilkòri og den avhengige variabelen regimeslag, er synt i ein samanliknande analyse med eit «most similar systems»-design etter Mills «Method of Difference», attved ei prosessporing av kvar av dei fire studieeiningane. I tråd med renteniststatsteorien syner uppgåva koss eksportinnkomor frå kapitalintensive råvareressursar so som olja og naturgass, styrkjer dei autoritære regimi i Turkmenistan, Usbekistan og Kasakhstan. Tilgangen til alternative kjeldor til eksportinnkomor frå bomull i Turkmenistan og Usbekistan, leider desse til å halda ressursane nasjonaliserte og gjev høve til å venta på at investorar kjem. Kasakhstan som vantar alternative innkomor, privatiserer oljeressursane for å trekkja til seg investorar med det same, og liberaliserer med det heile økonomien. Fråvera av råvaror i Kirgisistan leider kirgisiske styremakter til å liberalisera både politisk og økonomisk for å få lån og investeringar frå demokrati- og kapitalismepromoverande vestlege statar og organisasjonar som IMF. Dei demografiske vilkòri for framvoksteren av regime, er samansetnaden av etniske gruppor i landet. Dei etniskt homogene Usbekistan og Turkmenistan hev høve til å setja i gang eit nasjonsbyggjingsprosjekt som knyter presidenten sjølv til ein neopatrimonialistisk nasjonal ideologi med ein personkult som samlar all makt i hendene på faderen åt nasjonen, presidenten personleg. Etniskt heterogene Kasakhstan og Kirgisistan kann ikkje gjera dette sidan det finst ulike idear, tankar og synsmåtar på den nasjonale einskapen i store sjølvmedvitne usbekiske og russiske minoritetar. Desse strukturelle vilkòri dregne i hop er nytta til å tyda ut variasjonen i graden dei nye statane (ikkje) vert liberaliserte. Turkmenistan og Usbekistan liberaliserer ikkje noko, men innfører personalistiske styreset, Kasakhstan liberaliserer berre økonomien, og Kirgisistan liberaliserer både økonomisk og politisk.en_US
dc.format.extent578222 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleHardstyret held fram. Ein etterrøknad i strukturelle vilkòr for framvoksteren av nye slag autoritære regime i Sentral-Asia etter uppløysingi av Sovjetsamveldetnob
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderThe authoren_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sammenliknende politikk
dc.description.localcodeSAMPOL350
dc.description.localcodeMASV-SAPO
dc.subject.nus731114eng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Sammenlignende politikk: 241nob
fs.subjectcodeSAMPOL350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record