Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFjørtoft, Marte Reenskaugeng
dc.date.accessioned2011-01-10T11:34:32Z
dc.date.available2011-01-10T11:34:32Z
dc.date.issued2010-09-01eng
dc.date.submitted2010-09-01eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4424
dc.description.abstractLa traducción del lenguaje de género en la interpretación consecutiva. Un estudio de la interpretación realizada por tres intérpretes no profesionales entre el español y el noruego.en_US
dc.description.abstractSamandrag Denne oppgåva tek føre seg omsetjing av kjønnsspråk i konsekutiv tolking av tre politiske feministiske møte frå spansk til norsk. Oppgåva har som utgangspunkt at det i ein politisk feministisk tale eksisterar ein sterk relasjon mellom form og innhald, og at det difor er viktig å bevare ideologien som kjem til uttrykk i språkets form i den norske kjeldeteksten. I tolketeorien som omhandlar konsekutiv tolking er det vanleg å sjå på kjeldeteksten si meining som meir sentral enn forma den vert presentert i. På den andre sida er det eit stort fokus på tolken si rolle som diskursanalytikar av kjeldeteksten. Det vert hevda at "for å tolke må ein først forstå", og at ein pågåande analyse av teksten sitt bodskap sett i kontekst er essensiell i tolkeprosessen. Språka som vert studert i oppgåva er interessante på grunn av sine motsetjingar. På 60-talet utvikla kjønnskampen seg frå å omhandle sosiale samfunnsstrukturar til også å gå inn på språklege og grammatikalske strukturar. I det norske språket har det blir gjennomført ei nøytralisering av kjønn, der feminine suffiks i stor grad har blitt eliminerte. Samtidig har betydinga til maskuline suffiks forandra seg, og desse er i stor grad no oppfatta som kjønnsnøytrale. I tillegg har ein gjennomført ei aktiv innføring av kjønnsnøytrale titlar i arbeidslivet i Norge. I det spanske språket har ein derimot sett ei synleggjering av kjønn i språket, der ein dannar nye feminine ord, hovudsakleg med stamme i maskuline ord, ved hjelp av tilgjengelege feminine suffiks i det spanske språket. To av synleggjeringsstrategiane er nettopp feminiseringa av jobbtitlar og bruken av doble kjønnsmarkerte ord når ein refererer til ei samansett gruppe eller ein ukjend referent, i staden for den maskuline forma som vanlegvis har blitt brukt som generisk term. På norsk vert dette språket ofte kalla kjønnsnøytralt eller kjønnsbalansert språk medan det på spansk gjerne vert kalla 'ikkje-diskriminerande språk'. Utviklinga av kjønnsspråk grunnar i den sterke relasjonen mellom grammatisk kjønn og biologisk kjønn i levande menneskelege substantiv og den tradisjonelt ujamne representasjonen av kvinner og menn i språket. Dette studiet sett fokus på ein type språkbruk som er sterkt knytta til politiske og ideologiske overbevisingar som såleis er ein del av bodskapen til talaren. Analysen baserar seg på eit empirisk autentisk materiale der ein studerar ikkje profesjonelle tolkar si omsetjing av kjønnsspråket i ein venezuelansk feministisk tale. Studiet har som mål å avdekkje i kva grad tolkane overførar kjønnsspråket si form til sine måltekstar. Dette kan seie noko om deira forståing av kjønnsspråkets betyding generelt, og i ein politisk og femenistisk kontekst spesielt.en_US
dc.format.extent1548497 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isospaeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectLenguaje de géneroes
dc.subjectLenguaje no sexistaes
dc.subjectInterpretación consecutivaes
dc.subjectTraducciónes
dc.subjectGénero gramaticales
dc.titleLa traducción del lenguaje no sexista: Un estudio cualitativo de la interpretación consecutiva del español al noruegosp
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Spansk språk og latinamerikastudier
dc.description.localcodeMAHF-SPLA
dc.description.localcodeSPLA350
dc.subject.nus711128eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Spansk språk: 026
fs.subjectcodeSPLA350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel