Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUlvedal, Ola Bergseteng
dc.date.accessioned2011-05-05T07:12:42Z
dc.date.available2011-05-05T07:12:42Z
dc.date.issued2010-06-18eng
dc.date.submitted2010-06-18eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4740
dc.description.abstractDenne avhandlinga er basert på eit feltarbeid på Fiji våren 2008. Temaet sentrerer seg rundt møte mellom menneske i lokalsamfunnet på øya Waya Lailai. Denne øya har ein utstrekt lokaleigd turistindustri, noko som pregar kvardagen deira sterkt. Hovudfokuset ligg på kva som skjer i møte mellom fijianarar og turistar. Eg går inn i ei analyse av lokalbefolkninga sine sosiale relasjonar som er baserte på strenge inndelingar i menneskelege kategoriar. Eg argumenterar for at dei på strategisk vis inkorporerar turistane i eksisterande skjema og at den lokale sosiale organiseringa derfor ikkje berre inkluderar dei fastbuande, men også turistane. Fijianarane sin sjølvpresentasjon i møte med utanforståande inngår også som ein del av analysa. Eg ser på kva denne framstillinga er basert på og kva følgjer den får for kvardagen deira. Argumentet går vidare på at fijianarane si sterke distansering frå utlendingar er med på å hindre eventuelle konfliktar mellom turistar og lokalbefolkning som elles kunne ha oppstått. Definisjonane av dei sosiale kategoriane meinar eg er eit resultat av ein historisk prosess der kategoriar og strukturelle eigenskapar har blitt reforhandla gjennom møte. Eg viser korleis dei komplekse situasjonane i kvardagsmøta vert effektivt handterte av fijianarane gjennom ei sjonglering av sosiale statusar. Eg tek også føre meg maktaspektet, først gjennom å sjå på dei formelle rammene rundt møta, og deretter gjennom eit argument om at lokalbefolkninga sin lokalt baserte kunnskap virkar inn på makt over sosiale situasjonar i globale møte.en_US
dc.format.extent2638239 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonobeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleBula, vavalagi! Turisme, møte, kategoriseringar og makt i Yasawa, Fijieng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.degreeMaster i Sosialantropologi
dc.description.localcodeSANT350
dc.description.localcodeMASV-SANT
dc.subject.nus738106eng
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social anthropology: 250eng
fs.subjectcodeSANT350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel