Ein enkel orografisk nedbørsmodell for Vestlandet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/5116Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Geophysical Institute [1312]
Sammendrag
I denne oppgåva er det undersøkt om ein enkel orografisk nedbørsmodell vil kunne gje gode estimat for nedbøren på Vestlandet. Ein del av oppgåva har vore å finne ut om ein slik modell er eit eigna verktøy til å forklare nedbør i meir avanserte modellar. Oppgåva tar for seg oppbygginga av nedbørsmodellen, før det blir gjort ei validering i forhold til observasjonsdata. Det er vidare sett på modellen sin sensitivitet overfor små endringar i inngangsdata. Til slutt er det gjort ein klimaanalyse, der det er undersøkt om denne enkle modellen kan bidra til å forklare kvifor nedbøren i framtidig klima endrar seg. Forenklingane i nedbørsmodellen gjer at den ikkje klarer å gje eit meir nøyaktig estimat enn storskalamodellane. Nedbørsmodellen gir likevel akseptable resultat når det blir midla over eit større område. Den enkle parametriseringa gjer det også mogleg å bruke den som eit verktøy til å forklare nedbørsendringar i framtidig klima.