Show simple item record

dc.contributor.authorSkiple, Jon Kåreeng
dc.date.accessioned2012-09-20T08:38:39Z
dc.date.available2012-09-20T08:38:39Z
dc.date.issued2012-06-07eng
dc.date.submitted2012-06-07eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6015
dc.description.abstractTidligare forsking på dommaråtferd i Norge sin Høgsterett har avdekka ein statistisk signifikant effekt mellom dommarar sin ideologi, operasjonalisert som deira utnemningsregjering, og deira vota i økonomiske saker i Høgsterett. Dette er ein kontroversiell samanheng då den utfordrar det konstitusjonell skiljet mellom den første og den tredje statsmakt. Tesen argumenterer for at denne samanhengen krev ytterligare oppmerksamheit og reiser følgjande problemstilling: På kva måtar har ideologi ein effekt på voteringa til dommarar i økonomiske saker i Høgsterett i tidsperioden 1991 til 2011? Vidare argumenterer tesen for at den eksisterande litteraturen har fire manglar som lyt utbetrast. For det første, den kollegiale utfordringa: studiar av dommaråtferd kan ikkje neglisjere det institusjonelle faktum at vota blir gitt i fem-dommar panel, etter ein deliberativ avgjerdsprosess. For det andre, effektivitetsproblemet: studiar av dommaråtferd lyt ta i bruk statistiske metodar som utforskar saksvariasjon. For det tredje, utvalsproblemet: studiar av dommaråtferd lyt inkluderer konsensussaker i datamaterialet. For det fjerde, isolasjonsproblemet: studiar av dommaråtferd kan ikkje neglisjere juridiske forklaringar. Haldningsmodellen, som hevdar dommarar sine individuelle ideologiske haldningar er den viktigaste forklaringa på deira åtferd, blir nytta for å teste effekten av ideologi på individnivå. I staden for å anta at effekten av dommarar sine ideologiske haldningar er fast på kryss av saker, slik den konvensjonelle tilnærminga hevdar, føreslår tesen at effekten vil variere mellom saker. For å møte den kollegiale utfordringa blir paneleffektteorien, som hevdar dommarar sine vota òg er avhengig av sine kollegaar i panelet sine ideologiske haldningar, nytta til å teste effekten av ideologi av på saksnivå. For å teste effekten av ideologi på individ- og saksnivå blir dommarar sine vota nøsta inn i den aktuelle saken i ein fleirnivåanalyse. Dermed kan variasjon mellom saker utforskast og ein kan teste kor vidt effekten av ideologi varierer mellom saker. Datamaterialet består av 1720 individuelle vota i 344 økonomiske dissens- og konsensussaker. Hovudresultata er at ideologi på individnivå ikkje har ein effekt på dommarar sine vota i det absolutte fleirtal av sakene i utvalet. Effekten er derimot ikkje fast på kryss av saker. I enkelte dissenssaker har ideologi ein effekt på dommarar sine vota. På saksnivå indikerer resultata at dommarar som voterer i homogene sosialdemokratiske panel er meir tilbøyeleg til å votere i favør av den offentlege part enn dommarar som voterer i andre ideologiske panel. Desse funna gir ny innsikt i når og kor ofte dommarar er påverka av sine ideologiske haldningar.en_US
dc.format.extent1515253 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectdommaråtferdeng
dc.subjectfleirnivåanalyseeng
dc.subjectpaneleffekteorieng
dc.subjecthaldningsmodelleneng
dc.title«Høyesterett er først og fremst en kollegial domstol». Fleirnivåanalyse av effekten av ideologi på individ- og saksnivå på dommarar sine vota i økonomiske saker i Norge sin Høgsterett i tidsperioden 1991-2011eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sammenliknende politikk
dc.description.localcodeSAMPOL350
dc.description.localcodeMASV-SAPO
dc.subject.nus731114eng
fs.subjectcodeSAMPOL350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record