• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Department of Earth Science
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Department of Earth Science
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Paleomagnetiske undersøkingar av dei ediacariske Stappogjedde og Mortensnes formasjonane, Varangerhalvøya, Finnmark

Osa, Katrine
Master thesis
Thumbnail
View/Open
94934446.pdf (6.836Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/6075
Date
2012-05-19
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Earth Science [837]
Abstract
Det tilgjengelege paleomagnetiske datagrunnlaget frå Baltica er mangelfullt og knapt i sein neoptroterozoisk tid, og gjev eit forvirrande bilete av paleogeografien til Baltica. Dette har ført til teoriar om raske platehastigheitar, sann polvandring og diskusjon rundt globale isdekke i ei "snøballjord". Utfyllande paleomagnetiske undersøkingar kan bidra til å belyse desse problemstillingane. Mektige sedimentsekvensar på Varangerhalvøya i Finnmark inneheldt eit kontinuerleg geologisk arkiv frå neoproterozoikum som kun i begrensa omfang har vore gjenstand for paleomagnetiske undersøkingar tidlegare. 154 bergartsprøvar frå hovudsakleg leir-slamstein i Stappogjedde formasjonen og diamiktittar frå Mortensnes formasjonen frå ediacara er samla inn under to feltperiodar. I tillegg blei ein lokalitet teke frå slamsteinen i den eldre kryogenske Stangenes formasjonen. Desse blei frakta til det paleomagnetiske laboratoriet ved Universitetet i Bergen, målt og undersøkt med omsyn på magnetisk remanensretning og anisotropi av magnetisk susceptibilitet (AMS). Magnetiseringsintensitetane er forholdsvis høge til å vere sedimentære bergartar og prøvane gjev generelt konsistente retningar med relativt god samling. Prøvane viser ingen sterke indikasjonar på reoppvarming, sekundære prosessar eller deformasjon, men ei sekundær remagnetisering kan ikkje utelukkast på bakgrunn av ein negativ foldtest og at prøvane berre visar ein polaritet. Ei eventuell remagnetisering er foreslått å ha inntruffe kort etter avsetjing av ein deformasjonsepisode under danninga av den timanske fjellkjeda. Ved samanlikning med tidlegare arbeid av Stappogjedde fm. på Varangerhalvøya gjev denne studien eit betre statistisk grunnlag og ein mykje større konsistens og samling. Nyare og meir følsame magnetometer gjev sannsynlegvis eit meir nøyaktig resultat. Gitt at Stappogjedde viser primære retningar eller er remagnetisert kort etter avsetjing, plasserer dette Baltica ved svært høge breiddegrader i sein ediacara (ca. 560 Ma) med ein polposisjon på 73.1°N og 42.3°Ø (Dp=16.7, Dm=16.8) og støttar dermed tidlegare arbeid der resultata gjev høge breiddegrader. Målingane av AMS viste ein primær beddingfabric samt teikn på ei seinare tektonisk påverknad frå kaledonsk deformasjon i vest, og moglegvis frå den timanske deformasjonen i aust.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit