Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHompland, Anne Beriteng
dc.date.accessioned2013-06-12T07:45:52Z
dc.date.available2013-06-12T07:45:52Z
dc.date.issued2012-05-24eng
dc.date.submitted2012-05-24eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6692
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om elevar i 10.klasse sitt arbeid med algebra. Meir spesifikt har eg tatt utgangspunkt i ei kvalitativ tilnærming for å undersøka misoppfatningane dei har innan emnet. Vidare har eg sett på korleis ein med dette utgangspunktet kan handsama misoppfatningane i undervisinga ved hjelp av diagnostisk arbeidsmetode. Med desse måla for arbeidet valde eg å gjera eigne undersøkingar for å skaffa materiale. Konstruktivistiske læringsteoriar utgjer det teoretiske rammeverket for oppgåva. Meir spesifikt omhandlar det omgrep som misoppfatningar, diagnostiske oppgåver og diagnostisk undervising. Med dette som bakgrunn har eg tatt utgangspunkt i tidlegare forsking om misoppfatningar innan algebra og nytta det i mine eigne undersøkingar. Sjølv om det kvalitative aspektet var motivasjonen for å gå i gang med undersøkingane, valde eg å nytta metodetriangulering fordi det gav ei meir heilskapleg tilnærming til det eg ville undersøka. Dei kvalitative delane var intervju med tre elevar og diagnostisk undervising i ei gruppe på 14 elevar. Før dette hadde eg hatt ei kvantitativ kartleggingsprøve på heile 10.trinn. I etterkant gjennomførte eg ein ny kartleggingsprøve på gruppa med 14 elevar. Resultata, både frå kartleggingsprøvane og intervjua, synte ei elevgruppe med store utfordringar innan algebra, noko som gjenspeglar det både PISA- og TIMSS-undersøkingar frå tidlegare år alt har peika på. Tidlegare dokumenterte misoppfatningar, både frå norske og utanlandske undersøkingar, synte seg hjå desse elevane. I arbeidet med diagnostisk undervising retta eg fokuset direkte inn mot misoppfatningane for om mogeleg å bearbeida dei. Kartleggingsprøva i etterkant synte eit svakt resultat med tanke på forbetringar. Men som drøftinga i samband med dette syner, kan det ha andre orsakar enn akkurat mi tilnærming til diagnostisk arbeid med algebra. Avslutningsvis peiker eg på tre punkt som eg ser på som hovudutfordringar i arbeidet med misoppfatningar i algebra; det aritmetiske grunnlaget, forståing av bokstavsymbola og elevane sin bruk av intuitive strategiar. Sjølv om utvalet mitt ikkje er stort nok til å seia om dette er generelle tendensar, meiner eg å ha grunnlag for å seia at dette er utfordringar som er viktige for matematikklærarar å kjenna til.en_US
dc.format.extent5126384 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleMisoppfatningar i algebra på ungdomsskulen - ei diagnostisk tilnærmingen_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeMAMN-MAT
dc.description.localcodeMAT399K
dc.subject.nus753109eng
fs.subjectcodeMAT399K


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel