Show simple item record

dc.contributor.authorMyklebust, Marius Tennøyeng
dc.date.accessioned2013-08-13T09:23:24Z
dc.date.available2013-08-13T09:23:24Z
dc.date.issued2013-06-06eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6948
dc.description.abstractOppgåva studerer årsaker til haldningar til kommunesamanslåing og korleis desse heng saman med legitimitetsgrunnlaget for kommunesamanslåingar. To kommunar, Hareid og Ulstein, utgjer casen for analysen. Analyseeiningane er individa som bur i kommunane, og datagrunnlaget er ei kvantitativ utvalsundersøking av eit utval av innbyggjarane i casen. Det teoretiske grunnlaget for oppgåva tek utgangspunkt i og byggjer vidare på den tidlegare forskinga på haldningar til kommunesamanslåing. Eg identifiserer to grunnleggande forskjellige syn på kva kommunen er, det kommunitære og det liberale. Desse to syna dannar utgangspunktet for to forskjellige typar politisk legitimitet: Input-basert og output-basert. Desse omgrepa representerer vidare eit skilje i korleis kommunesamanslåingar bor forståast og legitimerast. Denne studien søker ei meir balansert tilnærming til desse to typane legitimitet enn det tidlegare forsking på området har hatt. I den analysen blir det lagt vekt på kor vidt respondentane tek mest omsyn til input-baserte argument eller output-baserte argument når dei tek stilling til spørsmålet til samanslåing, og om det er skilnader mellom motstandarar og tilhengjarar av samanslåing når det gjeld kva dei legg vekt på. To input-variablar (omsynet til lokaldemokratiet og omsynet til den lokale identiteten) og to output-variablar (omsynet til det kommunale tenestetilbodet og omsynet til den kommunale økonomien) blir testa i analysen. I tillegg til input- og output-dimensjonane, blir fleire andre moglege forklaringar på haldningar til kommunesamanslåingar testa. Resultata av analysen viser for det første at input og output er fruktbare dimensjonar i forståinga av haldningar til samanslåing og legitimeringsgrunnlaget for kommunesamanslåingar. Motstandarar meiner omsynet til input er viktigare, medan tilhengjarar meiner omsynet til output-variabelen "det kommunale tenestetilbodet" er viktigare. Dette gir utgangspunkt for ein diskusjon av legitimeringsgrunnlaget for samanslåing i den analyserte casen. Eg argumenter for at det er eit godt output-basert legitimeringsgrunnlag for ei samanslåing i denne casen når det gjeld det kommunale tenestetilbodet, men at legitimeringsgrunnlaget er svakare når vi ser på den kommunale økonomien. Det input-baserte legitimeringsgrunnlaget er sentralt i forståinga av motstandarane sitt standpunkt til kommunesamanslåing. I denne casen argumenterer eg for at det input-baserte legitimeringsgrunnlaget for ei samanslåing er relativt svakt.en_US
dc.format.extent7724062 byteseng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectKommunesamanslåingeng
dc.subjectKommunesammenslåingeng
dc.subjectPolitisk legitimiteeng
dc.subjectHareideng
dc.subjectUlsteineng
dc.titleTo sider av same sak: Ein kvantitativ casestudie av haldningar til kommunesamanslåing og politisk legitimiteteng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-08-13T09:20:48Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record