Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandvik, Dageng
dc.date.accessioned2013-08-20T15:07:48Z
dc.date.available2013-08-20T15:07:48Z
dc.date.issued2013-05-22eng
dc.date.submitted2013-05-22eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6984
dc.description.abstractI denne oppgåva viser eg korleis aktørar i konsesjonshandsamingsprosessen for to omsøkte vindkraftverk rettferdiggjer sine standpunkt. Ved bruk av ein multippel case-studie sett saman av case som skal representere nettopp konsesjonshandsaminga av vindkraftverk, retter eg merksemda mot korleis aktørar som engasjerer seg i sakene, argumenterer for to ulike miljømål: produksjon av meir fornybar energi og bevaring av landskap og naturmangfald. Analysane er også retta inn mot å syne korleis Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) rettferdiggjer sine vedtak. Vedtak som må fattast på trass av ein sterk og vedvarande usemje om kva som er det rette utfallet. Datamaterialet er mellom anna sett saman av dokument og intervjudata. Dokumenta som er analysert er først og fremst sakspapira som er arkivert hjå NVE. Desse omfattar alt frå melding og søknad om prosjekta, til høyringsfråsegn, vedtak og klager. Resten av dokumentmaterialet består av lovverk og rettleiarar som er nytta av NVE for å grunngje vedtak og forklare forvaltningsprosedyrar. Intervjudataen som er nytta kjem frå samtalar med fire sakshandsamarar i NVE, der to av dei var handsamarar av dei to utvalde casa. Analysane er gjort med utgangspunkt i ein teori om rettferdiggjerande argumentasjon, som tek utgangspunkt i å kartlegge aktørane sine måtar å bygge opp argument og kritkk. Analysane synte oss at ulike aktørar grunngjev sine standpunkt med utgangspunkt i mange ulike verdiar og verdsetjingslogikkar. Likevel ser det ut til at debatten delvis er strukturert etter ein modell som liknar verdsetjingslogikken som NVE nyttar. Ein logikk som verdset det lovfesta og det objektivt målbare. Trass i at eit fleirtal av aktørane argumenterer etter ein slik modell, vert ein ikkje samd om kva som er rett. Dette er fordi ein er usamde om to tilhøve: Kva som er dei praktiske implikasjonane av lovverket, og kva som er god og nok kunnskap. Særleg dette siste tilhøvet får betydning for verdsetjinga av dei ulike miljømåla. Medan produsjon av klimavenleg, fornybar energi er muleg å talfeste på ein måte som gjer at aktørane kan akseptere dette som objektivt grunnlag for avgjersle, ser det ut til at omsynet til naturmangfald og landskap ikkje let seg grunngjevast med sikker viten om konsekvensane for desse verdiane. Kunnskapen om naturmangfald og landskap vert skulda for å vere for usikkert eller tufta på for subjektive vurderingar til å fungere som prov for eit vedtak. Me ser då også at NVE sine vedtak er tufta på dei talfesta måla på prosjekta sin produksjon eller økonomi. Dei kvalitativt utgreia tema er teke med i vurderinga bak vedtaket, og NVE sine tilsette seier at jobben med å fatte vedtak inneber å utøve eit fagleg skjønn der dei vektar alle moment. Men når NVE fattar vedtak, vektlegg dei mekanisk objektive prov. På denne måten er rommet for rettferdiggjerande argumentasjon i vindkraftsakene avgrensa ved at aktørane får vanskar med å bygge ein rettferdiggjering av omsynet for biologisk mangfald og landskap. Samstundes kan dei oppleve at desse verdiane ikkje får gjennomslag i konsesjonshandsaminga, noko som er ei kjelde til vedvarande konflikt mellom dei som forsvarar dei ulike miljømåla. Tal på ord i hovudteksten: 37767en_US
dc.format.extent782982 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleVindkraft og verdsetjingar av miljøet. Ein kvalitativ studie av rettferdiggjerande argumentasjoneng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
fs.subjectcodeSOS360


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel