Musikkterapi i Introduksjonsprogrammet for flyktningar
Abstract
Denne oppgåva har hatt som mål å undersøkje kva rolle ei musikkgruppe kan spele i Introduksjonsprogrammet for flyktningar. Oppgåva tek utgangspunkt i eit casestudie av ei musikkgruppe i Sund kommune. Gruppa er under leiing av to musikkterapeutar, og sjølve prosjektet var ei bestilling frå Introduksjonsprogrammet i Sund. I oppgåva undersøkjer eg korleis flyktningane i Introduksjonsprogrammet opplever dette tilbodet, og om det samsvarer med intensjonane og opplevinga musikkterapeutane har.Vidare drøfter eg dei ulike funksjonane datamaterialet har peikt på at musikkgruppa har, og vidare om dette i lys av samfunnsmusikkterapi perspektiv kan definerast som eit forebyggjande helsetiltak. Dei teoretiske perspektiva eg har nytta i oppgåva er samfunnsmusikkterapi, multikulturell psykologi og litteratur om musikkterapi i multikulturell setting.