Show simple item record

dc.contributor.authorNag, Gunnhildeng
dc.date.accessioned2014-02-20T11:32:49Z
dc.date.available2014-02-20T11:32:49Z
dc.date.issued2012eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7803
dc.descriptionRevised version
dc.description.abstractOppgåvas hovudmål er å forstå den individuelle frivilligheita som eit situasjonelt og kontekstuelt fenomen. Ut frå dette perspektivet vil eg drøfte spenningsforholdet mellom frivillig og organisasjon i dei frivillige organisasjonane Miljø Noreg og Misjonsforeininga. Miljø Noreg visar til ein av dei nyare organisasjonane, medan Misjonsforeininga visar til ein tradisjonell frivillig organisasjon. Bakgrunn for studien er endringsprosessar i den frivillige sektor og korleis desse gjer seg gjeldande i ulike kontekstar. Den overordna problemstillinga er: Kva betyding har det frivillige arbeidet for dei som deltek i dette arbeidet, og korleis er spenningsforholdet mellom organisasjonen og den einskilde slik det kjem til uttrykk i den frivillige praksis? Oppgåva er ein fleirnivåstudie av frivilligheit analysert og drøfta opp mot sosiale teoriar som beskriver djuptgåande samfunnsmessige endringsprosessar i forholdet mellom individ og samfunn, og som visar korleis ulike typar av band kjenneteiknar ulike typar fellesskap. Eg nyttar intervju, observasjon og dokument- og webanalyse som ulike datainnsamlingstypar og ei institusjonell etnografisk tilnærming der eg tek utgangspunkt i det frivillige arbeidet slik det er i praksis, gjennom faktisk frivillig aktivitet. I tråd med institusjonell etnografi har eg vald eit eige standpunkt for analysen ved å ta utgangspunkt i dei frivillige sjølv. Oppgåva visar, med utgangspunkt i dei frivilliges erfaringar, at dei individuelle motiv for deltaking er mange og samansette i begge organisasjonskontekstar, og at frivilligheita har ulike tyding for den einskilde. Motiva er likevel knytt opp til institusjonelle diskursar, noko som gjer at hovudmotivasjonen til å delta er sams innanfor dei ulike organisasjonskontekstane: Altruisme er den viktigaste motivasjonen for deltaking hjå Misjonsforeininga, medan egoisme er det viktigaste motiv for deltaking hjå Miljø Noreg. Desse sams forståingsrammer for arbeidet som visar seg i dei frivillige sine motiv, vel eg å kalle institusjonelle diskursar. Dette visar at handlinga i det partikulære må forståast i ein større kontekst. Dei institusjonelle diskursane kan undersøkjast som forståingsrammer som er forhandla fram i det frivillige arbeidet, men diskursane er likefult skapt utanfor den lokale konteksten. Av den grunn har eg studert diskursane slik dei gjer seg gjeldande i praksis, men har også studert nettsidene til organisasjonane der diskursane blir tekstleg formidla. Vidare har eg altså sett korleis og i kva grad desse institusjonelle diskursar kjem til uttrykk i faktisk praksis – i det frivillige arbeidet med brukt- og loppemarknad – og samordnar handling. I analyse av organisasjonanes nettpresentasjonar fann eg fram til to dominerande institusjonelle diskursar som fortel korleis organisasjonen ser individet i høve til fellesskapet. Individet hjå Misjonsforeininga er forstått som uløyseleg knytt til fellesskapet, medan individet hjå Miljø Noreg er individuelt forankra. Dette gjev ulike utgangspunkt for korleis organisasjonen går i møte med dei frivillige. Det interessante i denne samanheng har først og fremst vore korleis og i kva grad dei institusjonelle diskursar gjer seg gjeldande i faktisk praksis. I møte med frivillig praksis visar dei institusjonelle diskursar seg å skape spenning i forholdet mellom frivillige og tilsette. Hjå Misjonsforeininga fann eg ein misjonsdiskurs som i praksis viste seg som ein hjelpediskurs. Det er organisasjonen som skal hjelpast. Sjølv om dei frivillige støttar opp om denne diskursen, erfarer dei at diskursen kan ta for mykje styring og at deira eigne behov må vike plass. At dei likefult held fram som frivillige skuldast ei sterk forplikting til fellesskapet. Miljødiskursen hjå Miljø Noreg visar tvert om ein sjølvrealiseringsdiskurs der individets situasjon og behov er vektlagt. Dei arbeidar inn under denne diskursen, men skulle ønskje dei kunne ha knytt seg tettare til både organisasjonen og kvarandre. Eit viktig funn er korleis dei frivillige hjå dei ulike organisasjonane trekk mot einannan og kvarandre sine diskursar; Dei frivillige i Miljø Noreg skulle ønskje at deira engasjement i større grad var motivert av altruisme, medan dei frivillige hjå Misjonsforeininga skulle ønskje dei fekk utløp for fleire av sine egoistiske verdiar. Dei frivillige står likevel i ei underordna rolle til organisasjonane og må velje om dei vil ta del i organiseringa slik den er, eller om dei vil avslutte engasjementet. Konsekvensane av dette er ulik for dei ulike organisasjonskontekstar. Slik organiseringa av frivilligheit er hjå Miljø Noreg og Misjonsforeininga anno 2013, sett med utgangspunkt i spesifikke kontekstar, er det organisasjonen ved dei tilsette som i stor grad styrar utforminga av engasjementet. Hjå Misjonsforeininga er ein som frivillig forplikta til å ta del, men ønskjer helst å vere litt mindre forplikta. Den frivillige prøvar å ordne seg på best mogleg måte innan desse rammene for engasjementet. Hjå Miljø Noreg er ikkje den frivillige forplikta med utgangspunkt i organisasjonsfellesskapet, men forpliktar slik seg sjølv ved å ta del. Alt i alt er frivilligheita forpliktande, om det er ein sjølv eller organisasjonsfellesskapet som forpliktar.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleForpliktande frivilligheit. Når tradisjonell og moderne organisering møtast i dei frivilliges praksiseng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosiologi: 220nob
fs.subjectcodeSOS360


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record