Show simple item record

dc.contributor.authorEkeland, Tor-Johan
dc.date.accessioned2014-03-21T12:02:23Z
dc.date.available2014-03-21T12:02:23Z
dc.date.issued1999-06-11eng
dc.identifier.isbn82-995086-0-6eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7878
dc.description.abstractArbeidet har bakgrunn i eiga røynsle frå terapeutisk arbeid og refleksjonar over fenomenet placebo. Det blir stilt spørsmål om kva placebofenomenet gjeld, og korleis det skal forklarast. Dersom dette er eit reelt lækjefenomen må det logisk sett gjelde læking gjennom det mentale domenet, med andre ord gjennom psykologiske mekanismar. Psykoterapi er nettopp ei verksemd som på intendert vis, og med grunnlag i vitskapen, hevdar å kunne lækje gjennom slike mekanismar. Samstundes har langvarig forsking på psykoterapi ikkje kunna gjere greie for korleis denne lækinga går føre seg. Utifrå dette blir forholdet mellom psykoterapi og placebo problematisert, og som abduksjon stilt ein hypotese om det er sams reglar som ligg til grunn. Analysen av fenomenet placebo (del I) viser for det første at det er tale om eit relativt kraftfullt og undervurdert lækjepotensiale, eit potensiale som ikkje gjer seg gjeldande berre som subjektiv betring (illness), men også som reell kroppsleg læking (disease) på «djupt» biologisk nivå. Dessutan er det ikkje snakk om eit fenomen som er spesifikt for visse behandlingar eller typar pasientar, men som vil kunne gjere seg gjeldande ved dei fleste medisinske behandlingsprosedyrar og for dei fleste personar. Det er med andre ord tale om eit allmennmenneskeleg potensiale. Det blir konkludert med at dei viktigaste føresetnadene for at dette potensialet blir utløyst har med kontekstuelle forhold å gjere, og at ein kan differensiere ulike verknader gjennom måten informasjon i konteksten vert fortolka på. Ulike psykologiske teoriar blir prøvd til å gjere greie for dette. Dei mest vesentlege implikasjonane av placebofenomenet er likevel metateoretiske. Når ein «narrepille» verkar er det ikkje som substans, men som symbol - og symbol er måtar meining vert formidla på. Kva som er meining er alltid relativt til ein kulturell kontekst. Difor er placebofenomenet eit prov på at kultur og kropp kommuniserer, og denne kommunikasjonen gjeld det mentale domenet. Sjølve omgrepet placebo blir etter dette sett på som ein paradigmatisk anomali relativt til eit dualistisk syn på tilhøvet mellom psyke og soma. Analysen av placebo utfordrar dermed korleis vi tenkjer om den heilskapen som er utgjord av relasjonen kropp-kultur (del II). Ved å problematisere mentale prosessar som eit kommunikativt «grensesnittet» mellom kropp og omgivnad, blir det formulert eit biosemantisk perspektiv til å omgå den nemnde dualismen, og omgrepet «meining» utvikla som sentralt for å skjøne det mentale som adaptive prosessar. Meiningsskaping som adaptiv prosess går føre seg både på individuelt og kulturelt nivå. Kultur dreier seg essensielt om kollektive og aggregerte meiningssystem i den historiske evolusjonen. Den kulturelle evolusjonen vil på den eine sida utvikle epistemologiar og meiningssystem som vil gi opphav til strukturering av handlingssystem - som igjen vil kommunisere med sitt epistemologiske grunnlag. Dette er eit kybernetisk resonnement. Innafor denne «store kybernetikken» vil den individuelle adaptasjonen og meiningssøkinga, den «vesle kybernetikken», gå føre seg. Dei individuelle meiningsaspekta vil difor forhalde seg til kulturen som tekst til kontekst. Dette allmenne perspektivet vert deretter prøvd på sjukdom og læking. Det gjeld først utvikling av kulturelle meiningssystem om sjukdom og behandling som kulturell adaptasjon, og korleis teoriar og metodar kan oppstå og generere praksisar gjennom denne adaptasjonen. I perspektiv av dette nivået blir deretter den individuelle adaptasjonen ved sjukdom og læking drøfta, og læking gjennom psykologiske mekanismar gjort sannsynleg som kommunikasjon av meining innafor ein kulturell kontekst. Sentralt i denne drøfting er ein analyse av det vanlege skiljet ein gjer mellom «disease» og «illness». Det blir konkludert med at sjølv om dette er eit relevant analytisk skilje mellom ulike nivå, vil det i mange samanhengar kunne fungere dualistisk på same vis som skiljet mellom psyke og soma. Som skilje mellom ulike nivå er det difor ikkje skiljet i seg sjølv, men kommunikasjonen mellom desse nivåa det er viktig å skjøne. Analysen av den kulturelle og individuelle adaptasjonen (del II) vert avslutta med ei skisse av eit alternativ til det biomedisinske paradigmet. Dette alternativet byggjer på den biosemantiske premissen, og nyttar kybernetikk og systemteori som omgrepsrammer til å skjøne sjukdom og læking som kommunikative prosessar. Fokuset er deretter terapeutiske system (del III) som blir prøvd analysert i perspektiv av analysen i del II. Det gjeld for det første sjamanismen som døme på verdas eldste medisin. Gjennom drøfting av døme frå antropologiske studiar blir det sannsynleggjort at lækjepotensialet botnar i at dette er institusjonalisering av ein kulturell praksis djupt forankra i ein viss epistemologi. Det er difor sjamanismen som system og den konteksten den genererer som er «det terapeutiske» - ein kontekst som fasiliterer læking gjennom det mentale domenet (placebo). Deretter blir moderne psykoterapi analysert frå eit tilsvarande perspektiv. Det gjeld for det første framveksten av denne verksemda som ein del av den kulturelle evolusjonen, spesifikt etablering av moderniteten som periode i europeisk kultur. Innafor denne perioden oppstår psykoanalysen som eit «språk» om den nye subjektiviteten, eit språk om det indre romet eller den sekulariserte sjela. Psykoanalysen blir eit prosjekt i samsvar med moderniteten sin ambisjon om ei vitskapleggjering av tilværet. Samstundes, blir det argumentert for, er psykoanalysen ikkje berre ein vitskap som utforskar «det sjelelege», men også ein praksis som konstruerer dette. Psykoanalysen si kulturhidstoriske rolle blir difor langt meir vidfemnande enn berre ein teori og praksis om psykoterapi. Den skaper samstundes den epistemologien som blir føresetnaden for at den kan vere ein slik praksis. Psykoanalysen blir såleis psykoterapien sine kulissar, dei epistemologiske og institusjonelle rammene for seinare utvikling av moderne psykoterapi. Denne verksemda legitimerer seg i samfunnet som ein praksis forankra i vitskapen. Ein slik legitimitet føreset vanlegvis at ein med grunnlag i vitskaplege metodereglar kan påvise effekt, og at effekten kan gjerast greie for som kausalrelatert til praksisen gjennom haldbar teori. Grunnlaget for denne legitimiteten blir utforska gjennom ein analyse av empirisk forsking på psykoterapi. Sjølv om denne forskinga kan dokumentere at psykoterapi generelt sett har effekt, har det vore problematisk å forklare kvifor og korleis. Mellom anna ser det ut til at dei mange ulike terapeutiske teoriane stort sett er ekvivalente i høve til utbytte, og at det difor ikkje er spesifikke faktorar, men eit sett av mulege felles faktorar som gjer seg gjeldande på tvers av ulike teoriar. Det tyder at psykoterapien si «marknadsføring» som ein instrumentell praksis utleia frå haldbare vitskaplege teoriar, ikkje har støtte i empirien. Følgjene av dette, og psykoterapien sin legitimitet i framtida, gjer det nødvendig med ei reformulering av psykoterapien sitt teoretiske grunnlag. Det blir argumentert for at dette må inkludere ei avmystifisering som gjer synleg at denne praksisen er ein kulturell og moralsk diskurs om måtar å vere menneske på, ei forståing som er implisert av dei generelle perspektiva frå tidlegare analysar, og er parallell til analysen av sjamanismen. Eit samlande perspektiv om dette blir drøfta i avslutninga, samstundes som det blir utvikla ein teori som kan gjere greie for den empiriske forskinga, og kva psykoterapi gjeld. Sentralt i denne teorien er «meining» som eit generelt perspektiv å sjå psykologiske fenomen i, og at mentale problem essensielt gjeld ulike former for meiningsproblem: underskot på meining, tap av meining eller ein meiningsfeil. Den felles mekanismen ved psykoterapi blir deretter utlagt til å vere «transformasjon av meining», og at dette gjeld mekanismer som generelt sett ikkje er spesifikke korkje for psykoterapi eller andre former for påvirkning og kommunikasjon. Det spesielle ved psykoterapi er difor ikkje essensen i det som går føre seg, men den konteksten som blir utvikla for å fremje denne transformasjonen. Denne konteksten, den terapeutiske konteksten, blir deretter analysert i samsvar med tidligare perspektiv på relasjonen mellom kultur og individ, og den empiriske forskinga på den psykoterapeutiske relasjonen og prosessen. Analysen fører fram til eit sett av nødvendige, men kvar for seg ikkje tilstrekkelege vilkår for at ein kontekst kan fungere terapeutisk. Desse vilkåra utgjer samstundes kontekst for kvarandre, og det er difor ikkje enkeltfaktorane i seg sjølv, men relasjonane mellom dei som formar det mønsteret som den terapeutiske konteksten er. Ein slik kontekst blir sett på som tilstrekkeleg til å fremje læking gjennom det mentale domenet, og er difor ein teori som er metateoretisk til dei ulike psykoterapeutiske teoriane. Samstundes vil ein slik kontekst kunne vere optimal til å fremme sjølvlæking og placebo i medisinsk behandling, og i alternativ medisinsk behandling i mange samanhengar tilstrekkeleg for å forklare læking.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleMeining som medisin. Ein analyse av placebofenomenet og implikasjonar for terapi og terapeutiske teoriareng
dc.typeDoctoral thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record