Show simple item record

dc.contributor.authorNordmark, Ingvaldeng
dc.date.accessioned2014-06-18T08:58:33Z
dc.date.available2014-06-18T08:58:33Z
dc.date.issued2014-05-15eng
dc.date.submitted2014-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/7980
dc.description.abstractProblemstillinga som denne oppgåva tar opp er om gjennomslaget for sosiale medium har endra tilhøvet og maktbalansen mellom journalistar og politikarar. Er det slik at politikaren nå har fått meir makt, sidan ho nå kan vera sin eigen publisist? Og har journalisten samstundes tapt i maktbalansen med politikaren, fordi han ikkje lengre har like stor kontroll over dagsordenfunksjonen som tidlegare? Eller er dette tilhøvet så komplisert at sosiale medium berre tilfører noko nytt, utan at maktforholdet endrar seg til fordel for den eine eller den andre? For å finne ut av dette temaet har eg stilt opp denne problemstillinga: Har utviklinga av sosiale medium, slik som Twitter og Facebook,(FB) gjort at politikarane nå i større grad kommuniserer direkte med veljarane? Og har difor makttilhøvet mellom journalistar og politikarar, i løpet av ein valkamp, endra seg? For å gjera innsamling og analyse av datamaterialet overkommeleg, har eg gjort ei avgrensing. Når det gjeld datamateriale frå facebook-og twittersidene til informantane, så er det samla inn frå dei tre siste vekene av stortingsvalkampen hausten 2013. For å finne svaret på problemstillinga har eg også gjennomført ei kvalitativ spørjeundersøking med fire journalistar og fire stortingskandidatar, alle tilhøyrande i Rogaland. Den blei gjort i løpet av månaden etter valdagen. Eg operasjonaliserer problemstillinga ved å svare på seks delspørsmål. Desse spørsmåla har delvis kome fram gjennom planlegginga av spørjeundersøkinga og delvis gjennom dei svara som informantane mine kom med i løpet av intervjurunden, hausten 2013. 1. Kor viktig er det for politikarane å visa igjen på sosiale medium i forhold til i tradisjonelle massemedium? 2. På kva måte blir maktforholdet påverka av at sosiale medium er ein "farleg" stad å opphalde seg i, både for politikarar og journalistar? 3. På kva måte blir maktforholdet påverka av at sosiale medium fører med seg eit press i retning av å bli private både for politikarar og journalistar? 4. Korleis kan politikarane sin sjanse til å leggje ut "agn" for journalistane på sosiale medium, og journalistane sin sjanse til å overvake og få nyhetstips frå politikarane, påverka maktforholdet mellom journalistar og politikarar? 5. Korleis kan sjansen politikarane har til å korrigera oppslag i tradisjonelle massemedium via eigne utspel på sosiale medium, påverka makttilhøvet mellom journalist og politikar? 6. Korleis kan bruk av sosiale medium til å skreddarsy valkamputspel frå politikarane til veljarane, påverka maktforholdet i framtida? Etter å ha analysert eigne intervju og eige datamateriale, og samanlikna det med aktuell litteratur på området, har det ført fram til følgjande konklusjonar: Undersøkinga tyder på at politikarane aktivt oppsøkjer veljarane på sosiale medium, utan at det verkar å gå ut over for eksempel personlege møte i valkampen 2013. Informantutvalet mitt er begrensa, men det kan sjå ut som om politikarane enten har auka si makt på dagsordenarenaen i forhold til journalistane eller at situasjonen er uendra. Men det krev at politikarane unngår faremoment som ligg i å verta for private på sosiale medium. Dersom dei utleverer for mykje av privatlivet sitt kan maktkampen på dette området slå ut til fordel for journalistane. Journalistane, på si side, kjem enten ut på taparsida, eller i ein...en_US
dc.format.extent1040602 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectFacebookeng
dc.subjectTwittereng
dc.subjectsosiale mediumeng
dc.subjectjournalisteng
dc.subjectpolitikereng
dc.subjectMakteng
dc.subjectdagsordeneng
dc.titleTung drakamp i sosiale medium. Ei analyse av korleis sosiale medium påverkar makttilhøvet mellom journalistar og politikarareng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116eng
fs.subjectcodeMEVI350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record