Internalisering av status quo - korleis kvinner sjølve omfamnar og opprettheld sexisme
Master thesis
View/ Open
Date
2014-04-15Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Psychology [535]
Abstract
Though gender discrimination against women has decreased in recent years, women as a group occupy an inferior position compared to men. Earlier research has focused too little on women's own contribution to maintaining sexism against their own gender group; however, this has started to change. Based upon the theory of Ambivalent Sexism suggested by Glick and Fiske (1996), this paper aims to look at possible explanations for why and how women themselves contribute to upholding sexism. Looking at the perspectives presented in this paper, there appears to be at least two reasons for why women endorse sexism against their own gender. Firstly, many women have internalised descriptive and prescriptive stereotypes about how women act and should act. This creates a need to uphold the status quo in order to justify and legitimise the patriarchal society. In addition, women in hostile societies may use benevolent sexism as a way to protect themselves against men's hostility. Individual differences may also play a part in women's tendency to endorse sexism. There is still a need for more research on the specific mechanisms involved in women's endorsement of sexism against their own gender. Kvinner blir i stadig mindre grad eksplisitt kjønnsdiskriminerte, men er framleis ei underlegen gruppe i verdssamanheng. Tidlegare forsking har ikkje sett nok på kvinner si eiga rolle i omfamning og oppretthald av sexisme mot kvinner, men dette har endra seg det siste tiåret. Med utgangspunkt i Glick og Fiske (1996) sin teori om ambivalent sexisme ser denne oppgåva nærare på moglege forklaringsperspektiv for kvifor og korleis kvinner sjølve omfamnar og opprettheld sexisme mot eige kjønn. Det ser ut til å vera minst to årsakar til at kvinner omfamnar sexistiske haldningar mot eiga kjønns-gruppe. For det første har mange kvinner internalisert deskriptive og preskriptive stereotypiar om korleis kvinner er og skal vera. Dette fører til eit behov for å oppretthalda status quo gjennom å legitimera og rettferdiggjera det patriarkalske samfunnet. I tillegg kan omfamning av venleg sexisme fungera som ein sjølv-beskytting¬smekanisme i fiendtlege samfunn. Det er også klart at individuelle skilnadar hos kvinner har noko å seia for tendensen til å omfamna og oppretthalda sexistiske haldningar. Sjølv om forskinga i større grad enn tidlegare fokuserer eksplisitt på kvinner si eiga rolle i oppretthald av sexisme er forklaringsmekanismane omfattande, og det trengst meir forsking på temaet.