Show simple item record

dc.contributor.authorGrunnaleite, Knut Arildeng
dc.date.accessioned2015-01-16T17:03:27Z
dc.date.available2015-01-16T17:03:27Z
dc.date.issued2014-11-20eng
dc.date.submitted2014-11-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/9184
dc.description.abstractDet har i lang tid vore kjend at Hardangerfjorden er forureina, spesielt innerst i fjorden. Tidlegare masteroppgåver som er blitt gjort ved NIFES har funne kvikksølvkonsentrasjonar i brosme (Brosme brosme) frå Hardangerfjorden langt over EUs grenseverdi for mattrygghet på 0,5 mg kvikksølv per kg filet. Kvikksølvtilstanden i andre fjordar, som til dømes Boknafjorden er ikkje like godt beskriven som den i Hardangerfjorden, og det er behov meir kunnskap om dette området. I denne oppgåva har det blitt fanga i alt 112 brosmer i ulike delar av Boknafjorden, samt eit område i Hardangerfjorden og eit i Lofoten. Brosmene blei fiska av profesjonelle fiskarar mellom juli 2013 og juni 2014. Fisken blei filetert og lever tatt ut, og deretter blei filet og lever frå kvar fisk homogenisert og homogenatet av filet frysetørka. Prøvane blei deretter analysert for totalkvikksølv på Induktivt kopla plasma massespektroskopi, og for metylkvikksølv på gasskromatografisk induktivt kopla plasma isotopfortynning massespektroskopi. Det blei observert store forskjellar i kvikksølvkonsentrasjon i både filet og lever i brosmer frå dei ulike lokalitetane. I filet varierte den gjennomsnittlege konsentrasjonen av totalkvikksølv frå 0,18 mg/kg i Lofoten til 0,63 mg/kg i Hardangerfjorden. Metylkvikksølvkonsentrasjonane i filet frå brosme utgjorde omtrent 100% av totalkvikksølvkonsentrasjonen, og varierte på same måte som for totalkvikksølv. Totalt har 40 av 112 brosmer ein totalkvikksølvkonsentrasjon i filet som overstig Noreg og EU si grense for lovleg omsetjing på 0,50 mg/kg. Dei gjennomsnittlege konsentrasjonane i lever varierte mellom 0,10 mg/kg og 1,0 mg/kg for totalkvikksølv, og mellom 0,051 mg/kg og 0,29 mg/kg for metylkvikksølv. Den gjennomsnittlege total- og metylkvikksølvkonsentrasjonen i lever av brosme er lågast i Lofoten, og størst i Hardangerfjorden. Metylkvikksølvandelen i lever utgjer i snitt 48% av totalkvikksølvet, og varierer mellom 12 og 110%. Den gjennomsnittlege metylkvikksølvandelen i lever varierte mellom 39% og 56% mellom lokalitetane, med lågast metylkvikksølvandel i brosmer frå Hardangerfjorden og høgast i brosmer frå Lofoten. Brosmene av hokjønn har i snitt høgare totalkvikksølvkonsentrasjon i lever enn hannar, men forskjellen er ikkje signifikant. Det blei funne ein signifikant positiv korrelasjon mellom kvikksølvkonsentrasjon i filet og størrelse på brosma. Då lengdefaktoren blei fjerna ved å utføre ei kovariansanalyse med lengde som kovariant, viste det seg at kvikksølvkonsentrasjonen i filet av brosme frå Hardangerfjorden signifikant høgare dei andre brosmene. Lever-muskel indeksane, det vil seie forholdet mellom kvikksølvkonsentrasjonen i filet og lever, var i snitt 0,87. Indeksane varierte mellom 0,22 og 4,7. Den lågaste gjennomsnittlege lever-muskel indeksen blei funne i Vatsfjorden, og den største i Hardangerfjorden. Det blei observert ein trend kor metylkvikksølvkonsentrasjonen i levra auka lineært med totalkvikksølvkonsentrasjonen i filet, mens totalkvikksølvkonsentrasjonen i levra auka eksponentsielt med konsentrasjonen i filet. Det blei vist at metylkvikksølvandelen i lever minka med aukande konsentrasjon av totalkvikksølv i filet og lever. Det blei vist at den undersøkte lokaliteten i Hardangerfjorden var meir forureina enn lokaliteten i Lofoten.en_US
dc.format.extent3497126 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleTotalkvikksølv og metylkvikksølv i filet og lever av brosme fiska i Boknafjorden, samanlikna med Hardangerfjorden og Lofotenen_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeMAMN-KJEM
dc.description.localcodeKJEM399
dc.subject.nus752299eng
fs.subjectcodeKJEM399


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record