Show simple item record

dc.contributor.authorSørheim, Heleneng
dc.date.accessioned2015-06-10T07:11:52Z
dc.date.available2015-06-10T07:11:52Z
dc.date.issued2015-05-05
dc.date.submitted2015-05-05eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/9924
dc.description.abstractÅr 2001 har vore eit nøkkelår innan psykisk helse, da Verdas Helseorganisasjon (WHO) identifiserte og fjerna norma «stigmatisering av psykisk sjuke menneske» i samfunnet offisielt. Etter dette har der vore stor framgang innan forsking og behandling rundt psykiske dysfunksjonar. Derimot er der framleis mange ukjende og utfordrande faktorar innan psykiske sjukdomar i dag. Der er også store utfordringar som personen med psykisk dysfunksjon har i kvardagen, sjølv med behandlingsmetodane på plass (Unite for sight, Cultural Perspectives on Mental Health, s.b.2015). Til denne prosjektoppgåva har det blitt utført tre ulike undersøkingar, med fokus i å finne konkrete problemstillingar som personar med psykiske dysfunksjonar har i dag. Her med spesiell vekt på dysfunksjonen Schizofreni Det har blitt lagt vekt på å finne ein teknologisk løysing som kan betre eller løyse den gitte problemstillinga, gjennom bruken av ulike HCI metodar og teknikkar. Det har også blitt lagt fokus på om den teknologiske løysinga har relevans for ei større brukargruppe enn berre for personar med psykiske dysfunksjonar, samt korleis HCI teknikkar og metodar kan integrere desse brukargruppene i den teknologiske løysinga. Undersøkingane som har blitt utført inkluderer «brainstorming workshop», kvalitativ forsking, samt design forsking. Fem deltakarar har deltatt i,- og gjennomført den første undersøkinga (Brainstorming Workshop). Elleve deltakarar har deltatt i den andre undersøkinga (I-Djupna intervju og Grounded Theory analyse). Til den tredje forskinga derimot har der vore stor fokus rundt innsamling av informasjon over internett, samt i omgjevnadar i samfunnet. Resultatet av undersøkingane er ein mobil applikasjon, med stor vekt på sterkare og meir effektiv handtering av kvardagen og akutte situasjonar. Pasienten sitt støtteapparat blir også inkludert i ein meir aktiv samanheng i den mobile løysinga. Designa rundt den mobile løysinga er av ein høg kvalitet, som lett kan brukast i samanheng med produktutvikling. I prosjektet har det blitt lagt stor vekt på tilbakemeldingar som er gjort av personar med psykiske dysfunksjonar sine støtteapparat. Dette inkluderer spesielt vedkomande sine pårørande, men også ulike avdelingar i hjelpeapparatet. Tilbakemeldingar som dei pårørande har gitt, inkluderer erfaringar og konklusjonar. Det har også blitt inkludert ulike kunnskapar som avdelingar i hjelpeapparatet har synleggjort. Det viktigaste steget i vidare forsking bør så vere ein klinisk-kontrollert undersøking, som er direkte utført på pasientar. Dette med tanke på naturen av denne typen sjukdomar, som er ein sårbar tilstand hos personar med psykiske dysfunksjonar. Resultata som har blitt oppnådd i undersøkingane viser ein stor grad av kompleksitet rundt situasjonen av utfordringar som personar med psykiske dysfunksjonar har, og dette har blitt reflektert i komplekse design og ein detaljert kravspesifikasjon. Som dei ulike resultata synleggjer, er kompleksiteten i det verkelege liv for personar med psykiske dysfunksjonar og deira pårørande heilt klart ein utfordring, men utfordringa er ikkje nødvendigvis umogleg å overvinne.en_US
dc.format.extent8485664 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.rightsCopyright the Author. All rights reservedeng
dc.subjectHCIeng
dc.subjectinteraksjonsdesigneng
dc.subjectI-Djupna intervjueng
dc.subjectgrounded theoryeng
dc.subjectschizofrenieng
dc.subjectDigital Dagbokeng
dc.subjectmobil applikasjoneng
dc.subjectappeng
dc.titlePersonifisering av Digital Dagbok gjennom bruk av Interaksjons Designeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeINFO390
dc.description.localcodeMASV-INFO
dc.subject.nus735115eng
fs.subjectcodeINFO390


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record