Show simple item record

dc.contributor.authorBirkeland, Marianneng
dc.date.accessioned2008-11-14T12:11:54Z
dc.date.available2008-11-14T12:11:54Z
dc.date.issued2008-11-14eng
dc.date.submitted2008-05-14eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/2996
dc.description.abstractI denne avhandlinga undersøkjer og samanliknar eg talemål, haldningar og samfunnsforhold i Meland og Radøy. Dei to kommunane ligg i Nordhordland, nord for Bergen. Hovudproblemstillinga er følgjande: Eg ønskjer å finna ut noko om korleis samfunn og individ påverkar kvarandre gjensidig, og korleis dette samspelet kjem til uttrykk gjennom talemål og haldningar i dei to kommunane Meland og Radøy.109 tredjeklassingar frå Knarvik vidaregåande skule og Austrheim vidaregåande skule frå dei seks kommunane i Nordhordland; Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy er informantar. Dei har svart på eit spørjeskjemaet der målet er å kartleggja talemålssituasjonen i Nordhordland. Av desse 109 har eg valt ut åtte hovudinformantar, fire frå Meland og fire frå Radøy. Desse har laga kvart sitt nettverksskjema og delteke i to former for taleopptak, der den eine forma har som mål å avdekkja realisasjonar av språklege variablar fordelt på fire variabelgrupper, og den andre er eit kvalitativt djupintervju der målet er å avdekkja informantane sine haldningar og synspunkt, særleg innom temaa talemål og samfunn.Både eigenrapportering og faktisk tale viser at det er store talespråklege skilnader mellom Meland-informantane og Radøy-informantane. Meland-informantane sitt talemål ligg tett opp til bergensk talemål, medan Radøy-informantane i mykje større grad held på det lokale nordhordlandsmålet.Alle dei åtte hovudinformantane er positive til eige talemål, medan dei er meir eller mindre negative til 'nabotalemålet', som er anten bergensk eller tradisjonelt nordhordlandsmål.Fleire av informantane har stereotypiske førestellingar om 'strilar' i forhold til 'bergensarar'. Det verkar som om strilestereotypien fell saman med synet på radværingane, medan Meland-buarane blir sett på som meir like bergensarane. Dette samsvarer med bruken av talemål på den måten at radværingane snakkar tradisjonelt nordhordlandsmål, eller strilamål, medan Meland-buarane har eit bergensknært talemål.Eg har utvikla ein modell for samfunnstypar, der eg har plassert Meland og Radøy. Meland blir karakterisert som eit diffust samfunn med svakt positiv valør, og Radøy som eit fokusert samfunn med hovudsakleg negativ valør. Det ser ut til å vera ein samanheng mellom eit fokusert samfunn, der innbyggjarane har eit medvite forhold til heimstaden sin, og bevaring av det lokale talemålet.no
dc.format.extent2656320 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectSosiolingvistikknob
dc.title"Dei e teite og dei e mær stril enn oss" Ein komparativ analyse av talemål, haldningar og samfunnsforhold i nordhordlandskommunane Meland og Radøynob
dc.typeMaster thesiseng
dc.type.degreeMaster i Nordisk språk og litteraturnob
dc.type.courseNOLISP350eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042nob
dc.subject.archivecodeMastergradeng
dc.subject.nus711123eng
dc.type.programMAHF-NORDeng
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record