BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Norske kommunar og EU. Forventingar til medlemsskap i europakontor

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Bolstad, Lasse
dc.date.accessioned 2008-12-03T12:05:13Z
dc.date.available 2008-12-03T12:05:13Z
dc.date.issued 2008-06-02
dc.date.submitted 2008-06-02 en
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/3055
dc.description.abstract Har norske kommunar intensjonar om å påverke politikkutforminga i EU, eller har dei heilt andre forventingar til bruk av europakontora som verktøy? Dette spørsmålet er rimeleg å stille seg når ein ser korleis kommunane sjølve har vore sterkt deltakande i å etablere ein alternativ informasjons- og påverknadskanal mellom det lokalpolitiske nivået og den Europeiske Union. Denne studien har søkt å avdekkje kva medlemskommunane sjølve forventa av dette samarbeidet då dei vedtok å melde seg inn i dette samarbeidet. Denne uttrykte motivasjonen har blitt kategorisert i høve til om argumenta talar for kommuneorganisasjonen sitt eige vel, eller om dei i første rekkje peiker på deltakinga i europakontora som ein ekstraservice til lokalsamfunnet. I tillegg er argumenta delt inn i lyttepost- og lobbyistargument. Desse observasjonane er så drøfta ut frå eit ønske å sjå kva som kan vere årsaker til forventingane, med to særlige aspekt i tankane; det eine i kva grad forventingane kan vere eit uttrykk for at kvaliteten i den tradisjonelle. Det andre aspektet har vore å sjå i kva grad ein kan forklare forventingane ut frå institusjonelle trekk ved EU ut frå eit fleirnivåperspektiv, med særlig fokus på lobbyisme. Resultata eg har komme fram til er at det i stor grad er ei forventing blant medlemskommunane at europakontora skal bidra med å styrke informasjonsflyten frå EU og tilbake til kommunane. Samstundes er det også ein klar tendens som peikar mot at kommunane har ei forventing om at europakontora skal vere eit aktivt verktøy når det gjeld å målbere lokalsamfunnet, og særleg næringslivet, sine behov og ønskjer ut i dei ulike fora i Europa og på den måte opptre som lobbyistar på kommunens vegne. Eg har vidare gjort forsøk på å forklare desse resultata med hjelp ei skildring av EU som eit ”multi-level governance”-system, samt eit meir tradisjonelt, intergovernmentalt perspektiv på samhandling mellom nasjonalstaten og EU som ein overnasjonal struktur. Observasjonane som er gjort blir det hevda kan sjåast som ein effektivitetskritikk av den allereie eksisterande påverknadskanalen gjennom regjeringa, og dette igjen styrkjer påstanden om at vi her har klart å vise korleis ein organisasjon som Noreg ikkje er medlem av kan trenge igjennom og påverke organisasjonspremissar heilt ned på det lokale forvaltingsnivået. Den pågåande europeiseringa har forårsaka ein kraftig endringsimpuls i den norske kommunesektoren, og europakontora har då blitt svaret som enkelte av kommunane kjem opp med for å gå dei medfølgjande utfordringane i møte. no
dc.format.extent 1333275 bytes en
dc.format.mimetype application/pdf en
dc.language.iso nno en
dc.publisher The University of Bergen en
dc.rights Copyright the author. All rights reserved en
dc.subject EU no
dc.subject Kommuner no
dc.subject Europakontor no
dc.subject Europeisering no
dc.subject Lobbyisme no
dc.subject Flernivåstyre no
dc.subject Regionalisering no
dc.title Norske kommunar og EU. Forventingar til medlemsskap i europakontor no
dc.type Master thesis
dc.type.degree Master no
dc.type.course AORG350 no
dc.subject.nsi VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242 no
dc.rightsHolder The author en
dc.subject.archivecode Mastergrad
dc.subject.nus 731111
dc.type.program MASV-AORG no


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account