Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKapstad, Leif Gabrieleng
dc.date.accessioned2011-11-08T09:14:00Z
dc.date.available2011-11-08T09:14:00Z
dc.date.issued2011-05-31eng
dc.date.submitted2011-05-31eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/5160
dc.description.abstractDette studiet har teke utgangspunkt i nokre karakteristiske sider ved arbeidsoppgåver som kan påverke handlingar i negativ retning for auka risiko. Desse arbeidsoppgåvene er utført av høgspenning-elektromontørar og overordna vakt i situasjonen; ikkje-planlagd utfall på høgspentanlegg, hjå nettverksemder. Karakteristiske sider blir populært kalla preformance influence factors(PIF´s) i engelsk litteratur. I oppgåva er dette oversatt til prestasjonspåverkande faktorar, og dei studerte faktorane er: arbeidspress, kreativitetsbehov, stress, kommunikasjon, tidspress og risikoaksept. Studiet har hatt som føresetnad at det å følgje tryggleiksprosedyrar til ein kvar tid er rasjonelt. Med dette utgangspunktet har ein sett på konsekvensar som nettselskapet får i slike situasjonar med utfall for å forstå korleis desse eventuelt kan skape prestasjonspåverkande faktorar, som igjen kan redusere montøren sitt omsyn til tryggleiksprosedyrar. Studiet er kvalitativt hypotetisk-deduktivt og er prega av å vere utforskande. Studiet sine forskingsdata er framkalla med bruk av kvalitative metodar i form av djupneintervju. Fjorten personar fordelt på stillingane montør, overordna vakt og sakkyndig drifsleiar i fire norske nettselskap er intervjua. Nettselskapa er strategisk valt ut frå ein variasjon av følgjande kriterium: tal sluttbrukarar tilknytt nettselskap og gjennomsnittlig avbrotsvarigheit per sluttbrukar(SAIDI). Nokre sentrale konklusjonar i studiet: Høge forventningar på oppetid og reparasjonstid, saman med sterk yrkesstoltheit kan verke å vere ein pådrivar, for montøren, i å prioritere avgrensing av sluttbrukarane sine konsekvensar, og/eller nettselskapet sitt omdømme, framfor montøren sin eigen tryggleik. KILE-ordninga kan bidra i å utfordre nettselskapa sine mål for tryggleik. Dette kombinert med leiing, og/eller personell, som prioriterar økonomiske mål framfor tryggleik, vil KILE-ordninga kunne bidra som eit insentiv til å gå på akkord med tryggleiken. Sjansen for at prosedyrar, som opplevast som friksjon under eit arbeidet, blir tilsikta rutinemessig brote, vil auke om montøren er under eit tidpress.en_US
dc.format.extent1612647 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectPIFnob
dc.subjectSunnfjord Energi ASnob
dc.subjectNettselskapnob
dc.subjectNettverksemdnob
dc.subjectStressnob
dc.subjectRisikopersepsjonnob
dc.subjectRisikoakseptnob
dc.subjectMålkonfliktnob
dc.subjectArbeidspressnob
dc.subjectSJAnob
dc.subjectHS-anleggnob
dc.subjectGIKnob
dc.titleMontøren sitt omsyn til tryggleiksprosedyrar under arbeid med "ikkje-planlagde utfall på HS-anlegg" og utfallsituasjonen sine prestasjonspåverkande faktoraren_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeMAMN-PRO
dc.description.localcodePRO399
dc.subject.nus752199eng
dc.subject.nsiVDP::Technology: 500en_US
fs.subjectcodePRO399


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel